Sjøtrygdelagloven
Lov 3. juli 1953 nr. 2 om sjøtrygdelag (sjøtrygdelagloven)
Lover | Dato: 03.07.1953 | Finansdepartementet
Denne lova gjeld tilsyn med ymsesidige sjøtrygdelag som etter sine vedtekter har eit geografisk avgrensa virkeområde, og som ikkje kan teikna større trygd enn kr. 25.000 for eiga rekning på ein vågnad, og berre trygdar farty, fiskereiskap, utstyr og fengd, og reiaransvar, tidstap og andre trygdingar som går inn som eit naturleg ledd i moderne fiskeridrift. Finanstilsynet kan i serlege høve godkjenne høgare sum enn kr. 25.000 for eiga rekning på ein vågnad, men ikkje høgare enn kr. 100.000.