Sats for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2024
Rundskriv | Dato: 08.05.2024 | Barne- og familiedepartementet
Mottakar:
- Statsforvaltaren i Agder
- Statsforvaltaren i Oslo og Viken
- Statsforvaltarens fellestenester
Nr:
Q-04/2024
Vår referanse:
24/12
Satsen som skal nyttast for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2024, er 1.496 kroner per medlem.
Satsen er fastsett i samsvar med forskrift om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta) § 8, jf. lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) § 5 fjerde ledd.
Berekningsgrunnlaget for satsen utgjer 5 198 548 185 kroner. Beløpet består av ein statleg og ein kommunal del. Den statlege delen utgjer 2 518 506 313 kroner og den kommunale delen 2 680 041 872 kroner.
Det er 3 474 847 medlemmer i Den norske kyrkja per 1. januar 2024.
Vedlagt følgjer ei nærare utgreiing om fastsettinga av satsen.
Med helsing
Ellen Ur (e.f.) Geir Telstø
avdelingsdirektør seniorrådgjevar
Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrive signaturar
Kopi
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Norges Kristne Råd
Muslimsk dialognettverk
Islamsk Råd Norge