Sats for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn 2023

Satsen som skal nyttast for berekning av statstilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2023, er 1.419 kroner per medlem.

Satsen er fastsett i samsvar med forskrift om registrering av og tilskot til trus- og livssynssamfunn (trussamfunnsforskrifta) § 8, jf. lov om trus- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) § 5 fjerde ledd.

Berekningsgrunnlaget for satsen utgjer 4 964 037 596 kroner. Beløpet består av ein statleg og ein kommunal del. Den statlege delen utgjer
2 389 549 727 kroner og den kommunale delen 2 574 487 869 kroner. Det er 3 499 092 medlemmer i Den norske kyrkja per 1. januar 2023.

Vedlagt følgjer ei nærare utgreiing om fastsettinga av satsen.

Med helsing

Ellen Ur (e.f.)                       Geir Telstø
avdelingsdirektør               seniorrådgjevar


Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrive signaturar

 

Kopi

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn
Norges Kristne Råd
Islamsk Råd Norge