Rundskriv N-1/2008 om godkjent utdanning etter Kunnskapsløftet for tildeling av løyve for person- og godstransport
Rundskriv | Dato: 15.02.2008 | Samferdselsdepartementet
Nr: Rundskriv N-1/2008
Etter yrkestransportforskrifta § 8 må den som søkjer om løyve til transport ha stått til eksamen frå ei av departementet godkjent teoretisk opplæring for å vere fagleg kvalifisert. Rundskrivet avklarar kva som er godkjent løyveutdanning for ein søkjar som har utdanning frå programområdet Transport og logistikk i vidaregåande skole etter innføring av Kunnskapsløftet.
Etter yrkestransportforskrifta § 8 må den som søkjer om løyve til transport ha stått til eksamen frå ei av departementet godkjent teoretisk opplæring for å vere fagleg kvalifisert.
Dette rundskrivet avklarar kva som er godkjent løyveutdanning for ein søkjar som har utdanning frå programområdet Transport og logistikk i vidaregåande skole etter innføring av Kunnskapsløftet.
Rundskrivet gjer vidare kjent at Kompetanseteam Vest AS er godkjent som fjernundervisningsinstitusjon for løyveutdanning. NKI Fjernundervisningen er tidlegare godkjent.
Rundskriva N-1/2007 og N-1/2005 blir oppheva og erstatta av dette rundskrivet.
Rundskrivet gjeld i tillegg til rundskriv N-4/2002. Ein søkjar som stettar krava etter rundskriv N-4/2002, vil også i framtida ha godkjent løyveutdanning.