Endringar i gravplassregelverket (forskrift om Digital gravferdsmelding mv.)

Lovreglar om Digital gravferdsmelding sette i kraft 1. juli 2024

Frå 1. juli 2024 tek to nye føresegner i gravplassloven til å gjelde. §§ 25 og 26 gjeld Digital gravferdsmelding og gir heimel for forskrift om Digital gravferdsmelding, sjå nedanfor. Føresegnene var på høyring i 2022 og blei vedteke i juni 2023 på grunnlag av Prop. 55 L (2022–2023).

Nye §-nummer i siste del av gravplassloven

I samband med at nye §§ 25 og 26 blei vedtekne, fekk nokre av føresegnene i kapittel 4 i lova nye nummer. Desse endringane tek til å gjelde 1. juli 2024. Dette inneber ikkje rettslege endringar. Gravplasstyresmaktene blir bedne om å gjere seg kjende med dei nye §-nummera slik at ein viser til rett føresegn.

Lovendringar sette i kraft i fjor (2023)

Tre av lovendringane Stortinget vedtok med grunnlag i Prop. 55 L (2022–2023) tok til å gjelde 1. juli 2023.

For det første blei § 10 i gravplassloven endra slik at fristen for kremering blei endra frå ein frist for gjennomføring av kremasjonen til ein frist for når kista skal vere levert til krematoriet: «Kisten skal leveres til kremasjon senest 10 virkedager etter dødsfallet.» Endringa er nærare omtalt Prop. 55 L (2022–2023) punkt 4.2.

At fristen for kremasjon blir knytt til leveringa til krematoriet, er meint å gi like rammer for gjennomføring av gravferdsseremonien ved kistegravlegging og kremasjon. I praksis betyr det at ein får noko meir tid til å halde seremomien ved kremasjon. Dei fleste bør makte å halde seremoni før kremasjon innan same frist som kistegravlegging.

Lovendringa bør derfor føre til færre søknader om utsetjing. Omsynet til at etterlatne slit med å rekke fram til ein seremoni innan 10 yrkedagar etter dødsfallet, vil svært sjeldan kunne vere tungtvegande, jf. gravplassloven § 13 andre ledd.

For det andre blei gravplassloven § 23 endra slik at Statsforvaltaren og godkjente krematorium no har tilgang til opplysingar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret, sjå nærare Prop. 55 L (2022–2023) punkt 3.4.

Den tredje endringa gjaldt gravplassloven § 3, der det no er klartgjort at det berre er i kommunar der det kyrkjelege fellesrådet er gravplasstyresmakt, at soknet fremmer budsjettframlegg for kommunen, sjå nærare Prop. 55 L (2022–2023) punkt 4.1. Dette er ei redaksjonell endring som gjer det tydeleg at kommunen ikkje treng å fremje budsjettforslag til seg sjølve når den er gravplasstyresmakt.

Ny forskrift: Forskrift om Digital gravferdsmelding

Utviklingsprosjektet hjå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark arbeider med testing av første versjon til eit stykke utpå hausten. Forskrift om Digital gravferdsmelding gjeld frå 1. juli 2024 og gir rettsleg grunnlag for testing og bruk av Digital gravferdsmeldling.

I høyringsnotatet gjorde departementet greie for enkelte sider ved korleis tjenesta Digital gravferdsmelding ville bli utforma og tankane og avvegingane bak løysingane. Siktemålet var å informere gravplasstyresmaktene og gravferdsbyråa som skal bruke Digital gravferdsmelding. Det kom ei rekkje gode spørsmål og kommentarar i høyringa av forskrifta. Desse vil bli vurdert i utviklingsprosjektet, men ein del innspel hadde ikkje direkte konsekvensar for ordlyden i forskrifta.

Etter høyringa er det gjort følgjande endringar i forskrifta: I § 4 er teieplikt tatt inn. Føresegna gjeld vilkår statsforvaltaren kan stille til profesjonelle som knyter seg til Digital gravferdsmelding og utvekslar opplysingar. Gravferdsbyrå er ikkje underlagt teieplikt etter lov. Tanken er at gravferdsbyrå som deler data gjennom Digital gravferdsmelding må følgje reglane om teieplikt i Norsk Standard NS-EN 15017:2019 Gravferdstjenester Krav (Funeral Services Requirements).

I § 5 om behandlingsansvar er det i samsvar med høyringssvaret frå Datatilsynet tatt inn ei setning som klargjer at gravplasstyresmakter, krematorium og gravferdsbyrå er behandlingsansvarlege for eigen behandling av personopplysningar i tråd med personvernforordninga. Dette tillegget har berre pedagogiske siktemål.

I § 7 er det gjort eit tilegg slik at varsling kan utelatast også ved endring i kven som sørgjer for gravferda. Dette er gjort for å ivareta personar som lever med adressesperre.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vil sørgje for nærare informasjon til gravplasstyresmaktene og gravferdsbyråa som skal bruke Digital gravferdsmelding, mellom om kva som følgjer av forskrifta. Oppdatert informasjon vil kome på nettsidene til statsforvaltaren, sjå nedanfor om informasjon på nettet.

Referanse- og styringsgruppa for Digital gravferdsmelding arbeider vidare med dei såkalla brukarhistoriane som ligg til grunn for vidareutviklinga av tenesta. Brukarhistoriene som låg i vedlegg til høyringsnotatet (side 35–36) er allereie omformulerte. I lys av høyringssvara vil vi presisere at gravplasstyresmakta ikkje har ansvar for å kontrollere at dei etterlatne følgjer prioriteringsreglane i gravplassloven § 9 første og andre ledd. Usemje skal bringast fram for kommunen som avgjer saka. Gravplasstyresmakta har likevel rettleiingsplikt etter forvaltningsloven. Der det kan det vere tenleg, kan gravplasstyresmakta spørje om det finst sambuar eller førehandserklæring. Sjå òg Gravplassrettleiaren.

Økonomireglane for fellesrådet

Periodisering av inntekter frå festeavgift

Forskrift om økonomiforvaltningen i sokn i Den norske kirke er endra i samsvar med forslaget som var på høyring. Endringa i § 4 nytt femte ledd gjer det mogleg for dei aktuelle kyrkjelege fellesråda å vidareføre ein praksis med å inntektsføre festeavgiftene når dei blir innbetalt. Dette er i utgangspunktet i strid med kommunale rekneskapsprinsipp. Fellesråd som periodiserer desse inntektene i samsvar med hovudreglane i dei kommunale rekneskapsprinsippa, bør halde fram med det. Rekneskapen bør opplyse om det dersom festeavgiftene blir inntektsført når dei blir innbetalt.

Departementet legg til grunn at inntekter frå festeavgift er øyremerkte til gravplass som ikkje skal nyttast til å handtere meirforbruk på andre område i fellesrådet, jf. bl.a. føresegnene om middel til særskilte formål/ bundne fond i forskrift om økonomiforvaltningen i sokn i Den norske kirke § 17 (5).

Dersom kommunane fastset kor mykje av tilskotet, jf. gravplassloven § 3 og trossamfunnsloven § 14, det kyrkjelege fellesrådet skal nytte til gravplassføremål, er dette bindande for fellesrådet.

Låneopptak til etablering av krematorium

Departementet har i sak 23/3071 avklart at krematorieføremål er omfatta av høvet til låneopptak i gravplassloven § 3 tredje ledd. Av dette følgjer det at tilskot til slike investeringar kan førast som investering, sjå kommuneloven § 14-9.

Køyring av kister

Barne- og familiedepartementet har ikkje reglar om korleis kister skal transporterast. Ein kan skilje mellom transport som skjer på oppdrag frå den som sørgjer for gravferda, typisk køyring i samband med seremoni («seremonikøyring») og køyring i samband med gjennomføring av kremasjon, typisk frå kjølerom til krematorium («intern køyring»).

Fordi fleire krematorium har hatt planlagt og ikkje-planlagt nedetid dei siste åra, nemner vi her at det ved intern køyring etter vår vurdering er fornuftig at fleire kister blir transportert i same bil. Noko anna hadde vore upraktisk når det er kjølerom og krematorium på ulike stader. Intern transport bør primært innrettast ut frå omsynet til orden, vørdnad, tryggleik for dei tilsette, miljø og økonomi.

Oppmodingar frå departementet

  1. Les temanotata til statsforvaltaren for å sjå om det er naudsynt med godkjenning av tiltak på gravplass: Notata finst her: Anleggelse eller endring av gravplass | Statsforvalteren i Vestfold og Telemark. Det er tid å spare dersom ein finn ut at tiltaket ikkje treng godkjenning. Det er òg tid å spare dersom ein lokalt kan innrette tiltaket i samsvar med råda frå statsforvaltaren. God lesing!
  2. Sjekk at vedtektene er godkjende av statsforvaltaren: Departementet oppmodar alle gravplasstyresmakter til å ettergå dei lokale vedtektene og sjå til at dei er godkjende av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, ev. av bispedømerådet om dei ikkje har vore endra på lenge, sjå omtalen i Gravplassrettleiaren. Godkjenning er eit krav i lova. Vidare er godkjenningsprosessen ei viktig kvalitetssikring: Framtidige saker løyser seg lettare med gode reglar.
  3. Sjekk at vedtektene er kunngjort: Departementet oppmodar alle gravplasstyresmakter til å sjå til at dei lokale gravplassvedtektene er kunngjorte på Lovdata, sjå rundskriv Q-05/2022. Skjema for kunngjering på Lovdata ligg her: Lovtidend - kunngjøring - Lovdata. Her finn ein òg rettleiing. Lokale gravplassvedtekter skal kunngjerast i avdeling II (lokale forskrifter).
  4. Sjekk at vedtektene er oppdatert med felt stengt for kistegravleggjing. Det er viktig for innbyggjarane, gravansvarlege og festarar å finne fram til kva som gjeld på dei ulike gravplassane og gravfelta.
  5. Gravferdsmeldinga (begjæringsskjemaet) skal vere underskrive av den som sørgjer for gravferda. Gravplasstyresmakta og krematoria skal kontrollere dette. Gravferdsbyrået bør sørgje for at skjema som dei sender inn, er signerte.

Innbyggerretta informasjon om gravplassar på nettet

Det har blitt gjort eit betydeleg arbeid for at innbyggjarane skal ha tilgang til oppdatert og korrekt informasjon om gravferd og gravplassar, mellom anna i regi av utviklingsprosjektet for Digital gravferdsmelding. Departementet oppmodar gravplasstyresmaktene til å  setje seg inn i informasjonen og nytte han i rettleiing av innbyggjarane, sjå rettleiingsplikta etter forvaltningsloven § 11.

gravferdsinformasjon.no

Nettsidene gravferdsinformasjon.no er nye. Sidene gjer greie for oppgåvene etter eit dødfall og vala etterlatne må ta ved ei gravferd. Sida er utvikla i som ledd i Digital gravferdsmelding av Statsforvaltaren og Digitaliseringsdirektoratet.

statsforvalteren.no

dei generelle sidene til statsforvaltaren finn ein informasjon om oskespreiing og lenke til skjemaet der ein søker om løyve.

helsenorge.no

Dødsfall – sorg, sorgreaksjoner og bearbeiding - Helsenorge finn ein informasjon om sorg og sorgreaksjonar. Det blir lenka til stader innbyggjarane kan få hjelp etter eit dødsfall.

regjeringen.no

Bestemmelser om gravplasser, kremasjon og gravferd - regjeringen.no finn ein hovudtrekka om gravferd og gravplassar. Det blir lenka vidare.

nav.no

Har mistet noen i nær familie - nav.no finn ein informasjon om stønader mv. frå NAV i samband med dødsfall. Det er ei eiga side Gravferdsstønad - nav.no om gravferdsstønad og båretransport.

domstol.no

Dødsfall, arv og skifte | Norges domstoler finn ein hovudtrekka om arv og skifte.

skatteetaten.no

Skatteetaten har ei side Skattemelding og skatteoppgjør for avdøde - Skatteetaten om skattespørsmål ved dødsfall.

Informasjon for fagfolk på nettet

Det finst etter kvart mykje informasjon for fagfolk på gravplassektoren. Nedanfor finn ein eit utval som departementet oppmodar gravplasstyresmaktene til å setje seg inn i.

gravplassveileder.no

Gravplassrettleiaren Gravplassveileder.no gjer greie for det meste av reglar og ordningar i norsk gravplassektor. Her bør gravplasstyresmaktene finne svar på det meste. Ved å søke kan ein finne fram til informasjon dersom overskriftene ikkje peiker heilt fram.

statsforvalteren.no

På nettsidene til alle statsforvaltarar Gravplassmyndighet | Statsforvalteren.no ligg informasjon om oppgåvene Statsforvaltararen i Vestfold og Telemark har for heile landet.

På sida til faggruppe gravplass Gravplassmyndighet | Statsforvalteren i Vestfold og Telemark finn ein meir informasjon, mellom anna om

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark tek sikte på å gi informasjon til fagfolk om Digital gravferdsmelding på gravferdsmelding.no.

gravplass.net

Gravplassinformasjon fra ka – Informasjon og ressurser for lokale norske gravplassmyndigheter finn ein informasjon som er særleg nyttig for lokale gravplasstyresmakter. Denne siden er drifta av Hovudorganisasjonen KA. KA har òg laga ein nettsidemal for dei lokale gravstyresmaktene.

gravplasskultur.no

Norsk forening for gravplasskultur finn ein informasjon om foreininga, Krematorienettverket, Stadardiseringsutvalget for kister og urner (SKU), Faglig råd for gravferd samt rapportar og kurs. Foreninga gjev også ut fagbladet Gravplassen.

sosigravplass.no

Nettsida SOSI gravplass – Nasjonale standarder for gravplassplaner og gravkart har informasjon om SOSI-standarden og ressursdokument for å kunne utarbeide gravkart i tråd med standarden.

kulturminnesok.no

Med eit søk på Kulturminnesøk (kulturminnesok.no) kan gravplasstyresmakta gjere ei første undersøking av om det finst kulturminne på gravplassar eller i omgjevnadene som ein må ta omsyn til, til dømes ved utvidingar og nye driftsbygningar. Det er spesielt viktig at dei som forvaltar ein automatisk freda middelaldergravplass har inngåande kjennskap til kvar gravene ligg og kva fredinga omfattar.