Rettleiar i universell utforming
Brosjyre/veiledning | Dato: 14.06.2021 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Verdigrunnlaget for universell utforming er å legge til rette for at alle skal ha like moglegheiter for personleg utvikling, deltaking i samfunnet og å utfalde seg. Eit samfunn der alle kan delta er også eit grunnleggande prinsipp i berekraftsmåla. Samfunns- og arealplanlegging er eit viktig verkemiddel for å oppnå dette. Med denne rettleiaren ønskjer vi å rette merksemda mot korleis planlegging kan bidra til eit universelt utforma samfunn. Vi viser også døme på korleis omsynet til universell utforming er teke i vare i ulike plantypar.