Rapport om økonomiske misleghaldssaker osb. i tredje kvartal 2024
Rapport | Dato: 11.10.2024 | Utanriksdepartementet
I andre tredje kvartal 2024 registrerte Sentral kontrolleining 29 nye saker. Sakene var i hovudsak knytte til mistanke om økonomisk misleghald, medan tre var relaterte til mistanke om seksuell utnytting, misbruk og trakassering i samband med tilskotsforvaltinga (SEAH-saker).
I den same perioden vart 28 saker avslutta, blant desse var fire SEAH-saker. Alle tala omfattar også saker under Norad og Norec sine ansvarsområde.
Oversikta nedanfor viser dei tre sakene der det var grunnlag for reaksjon og tilskotsmottakaren har betalt tilbake, og som vart avslutta i tredje kvartal 2024. Det er betalt tilbake 608 000 kroner. I tillegg er til saman 302 370 kroner betalte tilbake til prosjekt, noko som inneber at avtalepartnar dekkjer tapet ved å skyta inn eigne midlar.
Oversikta blir utarbeidd som oppfølging av nulltoleransen til regjeringa for økonomisk misleghald og blir ajourført kvart kvartal. For fleire opplysningar blir det vist til Sentral kontrolleining i Utanriksdepartementet eller Internrevisjonen i Norad eller til Norec.
Saksnr./ ansvar |
Land/region |
Avtalepartnar |
Kort omtale av saka |
741 UD |
Madagaskar |
Alliance Voahary Gasy (AVG) |
Dobbeltrapportering av same utgifter til ulike givarar, mangelfull dokumentasjon av utgifter og ikkje-relevante utgifter. Tilbakebetalingsplan sidan 2018. NOK 608 000 er betalte tilbake til UD.
|
1447 UD |
DR Kongo |
Redd Barna |
Underslag av lønnsmidlar hos lokal partnar. NOK 7 370 er betalte tilbake til prosjektet.
|
1571 Norad |
USA |
International Disability Alliance (IDA) |
Ein leiar svindla til seg godtgjersler som det ikkje var grunnlag for. NOK 295 000 er betalte tilbake til Norad.
|