Områdegjennomgang av bustadløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre
Rapport | Dato: 21.03.2023 | Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet
Det er gjennomført ein områdegjennomgang av bustadløysingar og helse- og omsorgstenester for eldre på oppdrag frå Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet (dåverande Kommunal- og moderniseringsdepartementet).
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) har utarbeidd kartleggjingsrapporten som utgjorde fase 1 av områdegjennomgangen. Agenda Kaupang har i samarbeid med NIBR, NOVA og Oslo Economics utarbeidd sluttrapporten med vurderingar og anbefalingar som utgjorde fase 2 og 3 av områdegjennomgangen.