Prop. 94 S (2022–2023)
Investeringar i Forsvaret og andre saker
Tilråding frå Forsvarsdepartementet 31. mars 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Regjeringa ber om at Stortinget godkjenner nye investeringsprosjekt for maritim helikopterkapasitet, artilleriammunisjon, levetidsforlenging av indre kystvakt, og for luftvern på Ørland. Regjeringa ber også om at Stortinget godkjenner å auka omfanget av tidlegare godkjente prosjekt for anskaffing av brupanservogn, ingeniørpanservogn, bergepanservogn, landbasert transportstøtte, elektroniske mottiltak, modernisering av kryptoløysingar, oppgradering av Very Low Frequency Novik, fasilitetar for maritime patruljefly på Evenes, samt for utbetring av hovudrullebana og ytre perimeter på Værnes. Regjeringa informerer også om status for eit oppmodingsvedtak, om gjenanskaffing av materiell som er donert til Ukraina, om amerikanske investeringar i infrastruktur på Rygge, om talet på norske F-35 fly i USA for utdanning, om ambisjonsnivå for full operativ evne for kampflyvåpenet, om infrastruktur og støtte til kampflyvåpenet, om NATO si vurdering av Noreg, om investeringsprogrammet for utbygging av Evenes, samt regjeringa sitt val av leverandør av stridsvogn.