Prop. 130 LS (2016–2017)
Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga
Tilråding frå Finansdepartementet 11. mai 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak og stortingsvedtak)
Regjeringa sitt framlegg til endringar i skatte- og avgiftsreglane i Revidert nasjonalbudsjett 2017 går fram av Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga. Framlegga om endringar inneber ein samla reduksjon i provenyet på om lag 1 750 mill. kroner påløpt og 295 mill. kroner bokført i 2017 samanlikna med saldert budsjett for 2017.