Prop. 125 L (2021–2022)
Endringar i plan- og bygningsloven (reglar om handtering av overvatn i byggjesaker mv.)
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 3. juni 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Kommunal- og distriktsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om endringar i plan- og bygningsloven. Framlegget gir kommunane betre verkemiddel for tiltak mot overvatn. Lovforslaga gir kommunane heimlar for å kunne krevje at private gjennomfører tiltak for overvatn, både ved nybygging og på eigedommar som er heilt eller delvis utbygde. Forslaga gir òg heimel til å fastsette i forskrift eit nasjonalt nivå for sikkerheit mot overvatn, og presiserer plikta til tiltakshavar om å infiltrere og forsinke overvatn, i tillegg til å sikre forsvarleg avleiing.