Prop. 123 S (2020–2021)
Investeringar i Forsvaret og andre saker
Tilråding frå Forsvarsdepartementet 26. mars 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Regjeringa har bede om at Stortinget godkjenn fleire nye investeringsprosjekt på Ørland, Porsangmoen og Novik, og at Stortinget seier ja til endringar i bruk av Regionfelt Østlandet. I Investeringsproposisjonen svarar regjeringa også på Stortingets spørsmål om det er alternativ til dei maritime helikoptra. Regjeringa ber også Stortinget om å få skaffe fleire sjømålsmissil til Sjøforsvarets korvettar og om å få oppgradere F-35.