Prop. 122 S (2021–2022)
Endringar i statsbudsjettet 2022 under Helse- og omsorgsdepartementet (som følgje av endra takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar)
Tilråding frå Helse- og omsorgsdepartementet 3. juni 2022, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)
Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om fullmakt til å gjere endringar i basis-/driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp og psykologhjelp frå 1. juli 2022. Dette på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Departementet gjer og framlegg om fullmakt til å gjere endringar i driftstilskot og folketrygdrefusjonar for fysioterapi frå 1. juli 2022. Endringane for fysioterapi vert gjort på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane som følgje av forhandlingane vert fastsett i forskrifter.