Prop. 102 L (2022–2023)
Endringar i postloven (heimel for innhenting av opplysningar som er omfatta av teieplikt i Folkeregisteret)
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 14. april 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Proposisjonen inneheld forslag til endring i postloven om etablering av heimel for at leveringspliktig tilbydar av posttenester kan innhente opplysningar som er omfatta av teieplikt frå Folkeregisteret.