Oreigningsloven
Justis- og beredskapsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom (oreigningslova)
Lov | Dato: 22.01.2007 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Oreigningsinngrep er det etter denne lova når eigedomsretten til fast eigedom eller til bygning eller anna som har fast tilknyting til slik eigedom, vert teken med tvang, eller når bruksrett, servitutt eller annan rett til, i eller over fast eigedom vert teken, brigda, overførd eller avløyst med tvang, såleis og forbod mot å nytta eigedomen på ein viss måte.