Notodden kommune - motsegn til arealdelen av kommuneplanen 2021-2023

Kommunal- og distriktsdepartementet godkjenner at kommuneplanens arealdel for Notodden kommune sett av eit område til næringsføremål (akvakultur) på Svelgfoss. Departementet vurderer at dei samla fordelane ved å legge til rette for verdiskaping og arbeidsplassar i dette konkrete tilfellet er større enn ulempene knytt til å omdisponere eit lite område med dyrka mark med mindre god jordkvalitet.

Bakgrunn
Arealdelen i kommuneplanen til Notodden kommune blei sendt til departementet frå Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark 9. april 2024, grunna uløyste motsegner frå Telemark fylkeskommune og statsforvaltaren som landbruksstyresmakt. Motsegnene gjeld eit område på 12 dekar som er sett av til næringsføremål. Departementet avgjer etter plan- og bygningslova § 11-16 om motsegna skal takast til følgje. 

Næringsområdet på Svelgfoss er lagt inn i kommuneplanen for å legge til rette for etablering av oppdrettsanlegg for smolt. 9 dekar er fulldyrka mark, 3 dekar er registrert som dyrkbar mark. Opphaveleg var det sett av eit areal på 20 dekar, men det blei innskrenka i løpet av planprosessen i eit forsøk på å løyse motsegna. Området ligg like ved ein innsjø, Kloumannsjøen, og nedstraums for inntaket til drikkevatn. Plan­området er i gjeldande kommuneplan sett av til landbruks-, natur- og friluftsføremål. I den nye kommuneplanen er det sett av til næringsområde, fordi oppdrettsanlegg på land ikkje er eit eige arealføremål på kommuneplannivå. 

Vestfold og Telemark fylkeskommune sende 21. august 2023 eit brev til Notodden kommune om at dei har motsegn til næringsarealet på Svelgfoss. Motsegna blei vedtatt i Hovudutvalet for plan, areal og klima 17. august 2023. Fylkeskommunen viser til nasjonale føringar som seier at jordvernet skal styrkast, og at dyrka mark er ein nasjonalt viktig ressurs som må takast vare på viss ein skal nå dei nasjonale og regionale jordvernmåla. Sjølv om jordkvaliteten ikkje er veldig god, meiner fylkeskommunen at det er av nasjonal interesse å ta vare på dette arealet.

Etter fylkesdelinga har Telemark fylkeskommune stått fast på motsegna.

Statsforvaltaren i Telemark fremja i brev av 2. august 2023 motsegn til planforslaget. Statsforvaltaren meiner at forslaget om oppdrettsanlegg på Svelgfoss er i strid med nasjonale jordverninteresser, og viser til dei same nasjonale føringane som fylkes­kommunen. Statsforvaltaren skriv òg at kommunen ikkje har grunngitt godt nok kvifor det er så viktig å bygge oppdrettsanlegg for smolt akkurat her, og peiker på at landbasert oppdrett av fisk kan plasserast andre stadar enn på dyrka mark.

Notodden kommune legg vekt på at dette er den beste staden i kommunen å etablere den type oppdrettsanlegg som det her er tale om. Tiltakshavar driv oppdrett av smolt med gjennomstrøymingsanlegg. Det krev god tilgang på kjølig vatn heile året, noko som påverkar kor eit anlegg kan liggje. Det aktuelle arealet ligg godt til ved ein kanal som heng saman med ein djup innsjø. Samstundes har kommunen vore tydelege på at eit slikt oppdrettsanlegg ikkje kan liggje oppstraums for drikkevassinntaka. Det utelukkar fleire stader. Det same gjer det at eit av dei andre vassdraga i kommunen fører anadrome laksefiskar. Her kan oppdrettsanlegget påverke villfisken negativt. 

Kommunen legg òg vekt på at dei samla sett handhever jordvernet strengt. I kommune­planrevisjonen blei 60 dekar omdisponert frå bustadføremål til LNF-føremål. Utanom næringsarealet på Svelgfoss blei berre 2 dekar dyrka jord omdisponert frå LNF til utbyggingsføremål. I den førre kommuneplanrevisjonen blei 40 dekar tilbakeført til LNF. Kommunen har dessutan over tid ført ein aktiv politikk for å auke landbruksarealet, gjennom tilskot til nydyrking. 156 dekar har blitt nydyrka som følgje av slike tilskot.

Kommunen meiner at ein må sjå kommuneplanen som ein heilskap, og at innsatsen kommunen har gjort med nydyrking og omdisponering må påverke avgjerda om kor vidt dei skal få bygge ned det aktuelle arealet på Svelgfoss. I sin argumentasjon peiker kommunen òg på at matproduksjon og forsyningstryggleik er bakgrunnen for at Noreg har eit sterkt jordvern. Dei legg vekt på at oppdrettsanlegg for smoltproduksjon vil bidra til mykje meir mat enn den aktuelle landbruksjorda gjer i dag.

Kommunen ønskjer fleire arbeidsplassar, særleg utanfor Notodden by. Dei har fått informasjon om at anlegget vil kunne gi rundt åtte faste arbeidsplassar. 

Mekling blei gjennomført 10. januar og 29. januar 2024. Kommunestyret i Notodden vedtok 15. februar 2024 å be statsforvaltaren om å sende saka til Kommunal- og distriktsdepartementet for avgjerd. I same vedtaket ga kommunestyret rådmannen fullmakt til å justere planforslaget frå dei opphavelege 20 dekar til 12 dekar.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark sende saka til Kommunal- og distrikts-departementet i brev av 9. april 2024. I oversendinga skriv statsforvaltaren at regjeringa har sagt at omsynet til lokaldemokratiet  er ei viktig interesse i arealsaker. Samstundes skal jordvernet bli sterkare. Statsforvaltaren viser til det oppdaterte jordvernmålet frå juni 2023, om maksimalt 2000 dekar omdisponert kvart år. I oversendinga viser statsforvaltaren òg til brevet som landbruks- og matministeren og kommunal- og distriktsministeren sende til kommunane 29. januar 2024. Her står det at «Matjord må sjåast på som ein ikkje-fornybar ressurs som skal takast vare på for all framtid. Det bør difor ikkje vere eit argument for å omdisponere matjord at kommunen har tilbakeført areal til LNF-føremål i ein annan del av kommunen.»  Basert på desse signala tilrår statsforvaltaren at motsegna blir tatt til følgje.

Møte om saka og synfaring blei halde 3. juni 2024. På møtet var det represent­antar frå Notodden kommune, Telemark fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet, Nærings- og fiskeridepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. På synfaringa kom også representantar frå utbyggarsida til orde.

Nærings- og fiskeridepartementet skreiv eit brev 1. juli 2024 om at dei ikkje har merknadar i saka.

Landbruks- og matdepartementet rår i brev av 2. juli 2024 til å ta motsegna til følgje. Departementet grunngir dette med at omsynet til jordvernet må vege tungt. Grunnlaget for Landbruks- og matdepartementet si vurdering er den oppdaterte jordvernstrategien som Stortinget handsama i 2023. Her går det fram at maksimalt 2000 dekar i året skal omdisponerast, og at ein skal nå dette målet innan 2030. Departementet viser òg til dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging som blei vedtatt ved kongeleg resolusjon 20. juni 2023. Jordvernet har stor tyngde i dei nasjonale forventningane, og det går òg fram at regjeringa ventar at kommunane vurderer å tilbakeføre areal til LNFR-område når dei reviderer kommuneplanen sin arealdel.

Landbruks- og matdepartementet legg i si vurdering vekt på at planforslaget vil føre til omdisponering av dyrka mark. Den fulldyrka jorda er ein del av eit jorde som totalt er på 28 dekar. Jordet er nesten heilt flatt og ganske velarrondert. Det har driftsveg langs den eine sida, og er difor lett tilgjengeleg for store jordbruksmaskinar. Sjølv om jordkvaliteten ikkje er den beste, er det eigna til grasproduksjon eller solbærproduksjon. Viss næringsområdet blir godkjent, vil verdien av resten av jordet bli redusert.

Landbruks- og matdepartementet meiner at ei utbygging til smoltproduksjon vil kunne føre til eit seinare press om å utvide produksjonen. Viss anlegget skulle bli utvida, til dømes til dei 20 dekara som opphaveleg låg inne i kommuneplanen, er det stor sjanse for at heile jordet blir bygd ned eller går ut av drift. Departementet meiner vidare at å opne for smoltproduksjon på dyrka jord her, vil auke presset for å bygge ned dyrka jord andre stadar.

Vurderinga til Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet skal etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd ta stilling til om motsegna til kommuneplanen skal takast til følgje, eller om planen skal godkjennast. Departementet kan gjere naudsynte endringar i planen.

Regjeringa har som mål å auke den norske sjølvforsyningsgraden av mat. Det føresett eit strengt jordvern. Det går fram av Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023-2027 at kommunane skal bidra til å styrke jordvernet og nå målet om å redusere omdisponeringa av matjord i samsvar med jordvernstrategien frå 2023. Denne strategien sett eit mål om maksimalt 2000 dekar omdisponering årleg innan 2030.

Det følgjer òg av dei nasjonale forventningane at kommunane skal legge til rette for berekraftig verdiskaping og lønsame arbeidsplassar i heile landet, mellom anna ved å setje av tilstrekkelege og eigna areal for akvakultur. Desse planane skal ivareta miljøomsyn og andre samfunnsinteresse.

I denne konkrete saka er det ei interessekonflikt mellom jordvernet og etablering av ny akvakultur. Etter departementet si vurdering er det aktuelle tiltaket positivt, og kommunen og utbyggar har argumentert godt for kvifor det aktuelle jordet på Svelgfoss er ein eigna stad for akkurat denne verksemda. Det går fram at ein har vurdert alternative lokaliseringar. Det er forståeleg at kommunen ønskjer å legge til rette for verdiskaping og nye arbeidsplassar.

Kommunen har argumentert med at også fiskeoppdrett er matproduksjon, og at det difor ikkje står i motstrid til den beredskapstenkinga som ligg til grunn for jordvernet. Departementet finn ikkje å legge avgjerande vekt på dette. Oppdrett av smolt kan skje andre stadar enn på dyrka jord. Når ein så liten del av norsk areal er dyrka eller dyrkbar, bør i hovudsak ikkje anna matproduksjon enn jordbruk skje på dyrka eller dyrkbar jord.

Det er positivt at Notodden kommune har tilbakeført ein del areal frå utbyggingsføremål til LNF-føremål ved dei to siste kommuneplanrevisjonane. Matjorda er ein sterkt avgrensa og ikkje-fornybar ressurs som må takast vare på. Difor slo landbruks- og matministeren og kommunal- og distriktsministeren i sitt felles jordvernbrev av 29. januar 2024 fast at tilbakeføring av areal til LNF-område ein stad i kommunen ikkje er eit argument for å omdisponere matjord ein annan stad. Dette er difor heller ikkje eit avgjerande argument i denne saka.

Kommunal- og distriktsdepartementet merkar seg vurderinga frå Landbruks- og mat­departementet. Sjølv om jordkvaliteten ikkje er av den beste, er det eit godt utforma jorde som kan brukast til mellom anna bærproduksjon og grasproduksjon. Det er viktig å ta vare på også denne typen dyrka mark. Samstundes er det på det etter Kommunal- og distrikts­departementet si vurdering på det reine at sjølve omdisponeringa har avgrensa verknadar for landbruksinteressene. Det er snakk om 9 dekar fulldyrka jord av mindre god kvalitet, med mykje sprengstein. Jorda ligg i eit marginalt vekstområde. Sidan arealet er lite og produktiviteten er låg, er beredskapsverdien avgrensa.

I dette konkrete tilfellet gjer kombinasjonen av eit lite areal, mindre god jordkvalitet og marginalt vekstområde at departementet har kome til at motsegna ikkje blir tatt til følgje.  

Dei samla fordelane ved å legge til rette for verdiskaping og arbeidsplassar er i dette konkrete tilfellet større enn ulempene for landbruksinteressene.

Kommunal- og distriktsdepartementet tar etter dette ikkje motsegnene frå statsforvaltaren og fylkeskommunen til følgje, og tillét at næringsområdet blir lagt inn i kommuneplanen.

Vedtak
I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner Kommunal- og distriktsdepartementet området på Svelgfoss til næringsføremål (oppdrettsanlegg) i kommuneplan for Notodden kommune 2023-2035.

 For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd. Kommunen er orientert om vedtaket gjennom kopi av dette brevet.

Departementet sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på, jf. plan- og bygningslova § 11-16, siste ledd.

 

Med helsing
Erling Sande

Kopi: 
Landbruks- og matdepartementet
Landbruksdirektoratet
Notodden kommune
Nærings- og fiskeridepartementet
Telemark fylkeskommune