Meld. St. 30 (2018–2019)
Samhandling for betre sjøtryggleik
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 21. juni 2019, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
I meldinga tar regjeringa for seg tryggleiken til sjøs både for nærings- og fritidsfartøy og beskrive samhandlinga mellom relevante offentlege og private aktørar. Meldinga inneheld ein særskild gjennomgang av nordområda og fritidsbåtar. Eit høgt sjøtryggleiksnivå er avhengig av god samhandling mellom offentlege styresmakter, organisasjonar og enkeltindivid. I dag er det mange aktørar som arbeider mot eit felles mål om trygg ferdsel på sjøen både for nærings- og fritidsfartøy.