Meld. St. 29 (2023–2024)
Fosterheim – ein trygg heim å bu i
Tilråding frå Barne- og familiedepartementet 21. juni 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Regjeringa har lagt fram ei melding om fosterheimsomsorga i Noreg. Eit sentralt mål for regjeringa er at barn som har behov for det får ein fosterheim når dei treng det, og at dei får ein trygg og stabil omsorgssituasjon. Tiltaka i meldinga skal derfor bidra til auka rekruttering, og betre stabilitet og føreseielege rammer for fosterheim. Tiltaka må sjåast i samanheng med fleire forslag om endringar i barnevernslova som blei sende på høyring i april i år.