Meld. St. 29 (2022–2023)
Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2022
Tilråding frå Kommunal- og distriktsdepartementet 11. august 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Årsrapportane til Datatilsynet og Personvernnemnda blir kvart år sende til Stortinget i ei melding frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Meldinga inneheld ei skildring av arbeid, tiltak, vedtak og tilsyn som er gjort i året som har gått. Meldinga gir òg eit blikk inn i framtida og utfordringar i tida som kjem.