Meld. St. 24 (2022–2023)
Fellesskap og meistring — Bu trygt heime
Tilråding frå Helse- og omsorgsdepartementet 16. juni 2023, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
I Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime presenterer regjeringa ein samla innsats for eit meir aldersvennleg samfunn prega av åpenhet, trygghet og fellesskap. Meldinga har fire innsatsområder: Levande lokalsamfunn, bustadtilpassing og -planlegging, kompetente og myndiggjorde medarbeidarar og tryggleik for brukarar og støtte til pårørande. Dei overordna måla med reforma er å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester. Vidare vil vi sikre betre bruk av personell og dei samla ressursane, og gjennom dette bidra til at alle som treng det får tilgang på gode og trygge tenester.