Meld. St. 11 (2023–2024)
Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket
Tilråding frå Landbruks- og matdepartementet 8. mars 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Samfunnsoppdraget til jordbruket er å sikre Noregs befolkning nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og slik bidra til arbeid, god ernæring og helse. Regjeringa legg i del 1 av denne stortingsmeldinga fram ein strategi for korleis sjølvforsyningsgraden i Noreg kan aukast til opp mot 50 prosent. I del 2 av meldinga vert det lagt fram ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket.