Meld. St. 11 (2017–2018)
Nordisk samarbeid
Tilråding frå Kunnskapsdepartementet 6. april 2018, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Melding til Stortinget
Melding til Stortinget om det nordiske samarbeidet har vanlegvis vert lagt fram årleg. For å beskrive den norske formannskapsperioden i Nordisk ministerråd under eitt, vart det vedteke å utsette fremje av meldinga frå haustsesjonen 2017 til vårsesjonen 2018. Meldinga omhandlar heile breidda i det nordiske samarbeidet i 2017 og planane fram mot 2020. Både arbeidet i Nordisk ministerråd og det uformelle nordiske samarbeidet om mellom anna utanriks- og tryggingspolitikk er beskrive.