Meld. St. 10 (2023–2024)
Noregs fiskeriavtalar for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023
Tilråding frå Nærings- og fiskeridepartementet 8. mars 2024, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Støre)
Melding til Stortinget
Meldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2024 og fisket etter avtalane i 2022 og 2023. Ho gjev ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket, internasjonale havmiljøprosessar, kontrollsamarbeid, og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg gjer meldinga greie for status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land.