Arealdelen i kommuneplanen
Brosjyre/rettleiing | Dato: 18.03.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Rettleiaren om arealdelen i kommuneplanen er tenkt som eit praktisk hjelpemiddel for kommunen. Den gjev svar på vanlege spørsmål og problemstillingar, men er ikkje uttømmande om planfaglege og juridiske problemstillingar. Rettleiaren har mange eksempel som vil vere relevante for kommunen sin arealplanlegging.
Rettleiaren er oppdatert med lov- og forskriftsendringar sidan førre versjon frå 2012. Rettleiaren er tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk, og har blitt oppdatert i tråd endringane i dispensasjonsføresegna i plan- og bygningslova.