Oppdatert kartlegging av lover og forskrifter om internkontroll i kommunar og fylkeskommunar
Rapport | Dato: 25.06.2012 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Kommunal- og regionaldepartementet
Dette er ei kartlegging av krava om internkontroll retta mot kommunar og fylkeskommunar i lover og forskrifter. Kartlegginga byggjer på opplysningar henta inn frå dei ulike departementa, og er gjord av sekretariatet for arbeidsgruppa som skal føreslå tiltak for å styrkje eigenkontrollen. Kartlegginga viser at det finst ei rekkje lover og forskrifter på sektorområda som stiller krav om at kommunane skal ha ein internkontroll som sikrar at krava i føresegnene blir følgde.
Første kartlegging blei utarbeidd av sekretariatet for arbeidsgruppa som skulle føreslå tiltak for å styrkje eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar (à jour pr. 15. desember 2009). Sjå rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane.
Kartlegginga blei oppdatert av Kommunalavdelinga i Kommunal- og regionaldepartementet (à jour pr. 11. april 2011). Denne utgåva er oppdatert pr. 1. mai 2012.
- Rapport (i pdf-format) (i word-format)
Kartlegginga skil mellom kommuneplikter og aktørplikter. Kommuneplikt vil seie lovpålagde plikter som det berre ligg til kommunane å utføre, medan aktørplikt vil seie plikter som stiller krav til einkvar som driv ein aktivitet eller tilbyr ei teneste, sjå Meld. St. 7 (2009-2010) punkt 4.3. Dei viktigaste føresegnene om internkontroll er siterte slik at likskapar og ulikskapar i den rettslege reguleringa kjem klarare fram. På denne måten kjem også omfanget av reglane betre fram.