Invitasjon til å søke om å bli forsøkskommune

I statsbudsjettet for 2023 varsla regjeringa at vi arbeidde med sikte på å etablere ei frikommuneordning. Dette fylgjer også opp tidlegare oppmodingsforslag frå Stortinget. På vegne av regjeringa inviterer eg no kommunar og fylkeskommunar til å delta i ei slik forsøksordning – og dermed bli forsøkskommunar.

Regjeringa har satt i gong arbeid med ei tillitsreform for heile offentleg sektor. Eit viktig mål for tillitsreforma er å gi meir tillit og auka handlingsrom til kommunar og fylkeskommunar. Kommunane har i fleire år fått meir omfattande oppgåver samstundes som konkurransen om og tilgongen på kvalifisert arbeidskraft er blitt hardare. Dei komande åra vil utfordringane auke, til dømes som følgje av endringar i befolkningssamansetjinga og omstilling for å møte klimautfordringane. Innbyggjarane i heile landet har store forventningar til kvaliteten på tenestene som kommunane og fylkeskommunane skal levere.

Med dette utfordringsbilete blir det stadig viktigare å tenke nytt om organisering og utføring av kommunale tenester og verksemd. Der kommunar og fylkeskommunar møter på hindringar i lov eller forskrift, kan dei søke om forsøk for å prøve ut nye måtar å løyse oppgåvene på. Forsøk vil seie at ein kan få fritak frå reglar i lov eller forskrift slik at ein kan teste ut nye måtar å løyse oppgåver på i offentleg forvaltning.

Denne forsøksordninga er del av regjeringa sitt arbeid med tillitsreforma. Forsøksordninga vil gjelde innanfor dei heimlane vi har i forsøkslova og i forsøksheimlar i sektorlovane.

Kva betyr det å vere forsøkskommune?

Ein forsøkskommune vil få mogelegheit til å teste ut nye måtar å løyse oppgåver på gjennom unntak frå regelverk. Forsøkskommunane vil få rettleiing frå departementa i søknadsprosessen og i tolking av regelverket. Gjennom ordninga vil kommunane kunne få oppfølging der dei kan utveksle erfaringar med andre kommunar. Forsøkskommunane vil også bli omfatta av evalueringsopplegget for forsøksordninga.

Det er kommunane og fylkeskommunane sjølve som er best i stand til å vurdere kva for løysningar som trengs for å møte dei utfordringane dei står i. Kommunane kan søke om forsøk innafor alle sektorar eller på tvers av sektorar. Eg vil derfor oppmode kommunar og fylkeskommunar til å bruke tid i eigen organisasjon til å identifisere område som kan vere aktuelle for forsøk, og å leggje til rette for ei god involvering av tilsette og fagforeiningar i denne prosessen.

Frist for å sende inn ein førebels søknad er 8. september 2023.

Informasjon om forsøksordninga, korleis kommunane kan gå fram for å søke, kva ein søknad skal innhalde m.m. ligg på nettsida regjeringen.no/forsokskommune. Gjennom denne nettsida kan kommunar og fylkeskommunar ta kontakt med departementa for å få rettleiing om ordninga og om aktuelle forsøk. Regjeringa samarbeider med KS om forsøksordninga og om oppfølging av kommunar og fylkeskommunar i forsøksordninga.

Med helsing

Sigbjørn Gjelsvik
kommunal- og distriktsminister

 

Lenke og kontaktinformasjon til forsøksordningen