Invitasjon til å komme med innspel til arbeidet med rettleiar om bygge- og leigesaker i UH-sektoren
Innspel | Dato: 08.12.2023 | Kunnskapsdepartementet
Kunnskapsdepartementet ønsker å ha god dialog med institusjonane om bygge- og leigesaker, og vil utvikle ein overordna rettleiar eller vegvisar for samarbeidet. Siktemålet er å støtte opp under ein transparent og føreseieleg dialog og samhandling om arealbehov.
Statlege universitet og høgskular disponerer til saman 3,5 mill. kvadratmeter som er den største eigedomsporteføljen i statleg sivil sektor. Om lag 2,7 mill. kvadratmeter er statleg eigde, mens noko er leigde i den private marknaden (kjelde: DBH).
Styringa av bygge- og leigesaker følger i stor grad av felles rammer som gjeld i staten. Rollene og ansvaret til UH-institusjonane i prosessane kjem ikkje tydeleg fram i eksisterande rettleiarar og instruksar.
Vi ønsker innspel frå institusjonane til dette arbeidet:
- Kva slags problemstillingar bør ein slik rettleiar eller vegvisar svare på?
- Er det område institusjonane opplever manglar i rettleiinga i dag?
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU)
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet
Universitetet i Agder
Nord universitet
OsloMet – storbyuniversitetet
Universitetet i Sørøst-Norge
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Kunsthøgskolen i Oslo
Norges Handelshøyskole
Norges idrettshøgskole
Norges musikkhøgskole
Høgskolen i Molde - Vitenskapelig høgskole i logistikk
Sámi allaskuvla/Samisk høgskole
Høgskulen på Vestlandet
Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Volda
Høgskolen i Østfold