Kultur og frivilligheit: Ein kultur å leve av og for
Kulturen bidrar til å skape både levande lokalsamfunn og eit godt liv for den enkelte. Regjeringas kulturpolitikk vil derfor støtte opp under eit ope, inkluderande og mangfaldig kulturliv i heile landet og leggje til rette for eit kontinuerleg samspel mellom den profesjonelle og den frivillige kulturen. Regjeringa vil gjennomføre eit nytt kulturløft som skal komme heile landet til gode, og særleg satse på den lokale og regionale kulturen. Folk skal ha tilgang til kunst og kultur, uavhengig av kven dei er, og kor dei bur.
Regjeringa vil sikre at norsk framleis skal vere eit vitalt, fullverdig og samfunnsberande språk i landet vårt. Nynorsk og bokmål skal vere likestilte målformer, og som det minst brukte skriftspråket skal nynorsk fremmast og sikrast gode vilkår. Dei samiske språka er sentrale for framtida til den samiske kulturen og vil vere eit naturlig satsingsfelt.
Regjeringa vil:
- Gradvis auke kulturens andel av statsbudsjettet til éin prosent.
- Innføre regionale kulturfond.
- Leggje til rette for fleire kulturarbeidsplassar og kompetansemiljø over heile landet.
- Gi full momskompensasjon gjennom ei regelstyrt ordning til idrett, frivilligheit og kultur.
- Styrkje kunstnarøkonomien og leggje til rette for at kunstnarar og kulturarbeiderar får betre rettar og arbeidsmoglegheiter.
- Sikre institusjonane og satse på det frie feltet.
- Styrkje den regionale filmsatsinga, auke produksjonsmidlane til norsk film og gjennomgå filminsentivordninga med mål om å sikre fleire filmproduksjonar i Noreg.
- Sikre ein desentralisert kinostruktur.
- Innføre ei insentivordning for ny norsk dramatikk.
- Styrkje Den kulturelle skulesekken og gjeninnføre Den kulturelle spaserstokken på statsbudsjettet.
- Leggje fram ei boklov som sikrar fastprissystemet.
- Styrkje litteraturformidlinga, blant anna gjennom innkjøpsordningane og ein ny leselyst-strategi, og jobbe for fleire meiropne bibliotek.
- Jobbe for likestilling og mangfald innanfor alle område i kulturlivet, blant anna gjennom å stille krav til dei som mottar offentlege midlar.
- Støtte opp under arbeidet med Bodø som europeisk kulturhovudstad i 2024.
- Satse på samisk kultur, film, musikk og handverkstradisjon.
- Føre ein språkpolitikk som gjer at norsk eller samisk blir føretrekt i alle delar av samfunnet.
Kulturarven skal løftast fram
Kulturarvsektoren er ein sentral del av kulturpolitikken. Regjeringa vil bidra til å samle og koordinere sektoren, støtte den frivillige innsatsen, som er heilt avgjerande på feltet, og løfte fram vår kristne og humanistiske kulturarv.
Regjeringa vil:
- Sørgje for at 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering. Stiklestad Nasjonale Kultursenter skal vere navet i jubileet. Det skal utarbeidast ein plan, for å setje i stand steinkyrkjer frå mellomalderen fram mot tusenårsmarkeringa.
- Sørgje for at frivillige landsdekkande kulturvernorganisasjonar får grunnstøtte frå staten.
- Evaluere museumsreforma, særleg med tanke på kåra for frivilligheita og moglegheitene for å mobilisere lokale ressurspersonar.
- Leggje fram ein opptrappingsplan for Kulturminnefondet og greie ut skatte- og avgiftsinsentiv i kulturminnevernet.
- Ta initiativ til eit nordisk prosjekt om opphavsstaden til kulturgjenstandar og tilbakeføringsdiskusjonar, og for Noregs del greie ut korleis gode ordningar for samarbeid kan løyse tilbakeføringsdiskusjonar.
- Bevare dei synlege spora etter 22. juli-angrepet i Høgblokka, slik at dei kan inkluderast i arbeidet til 22. juli-senteret.
Idrett og friluftsliv for alle
Idrettstilbod skal vere tilgjengelege for alle, særleg for barn og unge. Regjeringa vil leggje til rette for at det blir bygd fleire anlegg, og for at prisane og utstyrspresset blir redusert, slik at terskelen for deltaking blir så låg som mogleg. Satsing på friluftsliv er eit viktig tiltak for god folkehelse, og desse opplevingane må gjerast tilgjengelege òg for dei som treng tilrettelegging. Det må bli enklare å kombinere karriere og utdanning, slik at fleire toppidrettsutøvarar kan leve av idretten sin.
Regjeringa skal arbeide mot spelavhengigheit og samtidig sikre stabile inntekter til idrett, frivilligheit og kultur gjennom å sikre eineretten til Norsk Tipping til å drive med pengespel.
Regjeringa vil:
- Ruste opp og byggje fleire idrettsanlegg og lage ein nasjonal plan for idrettsanlegg saman med idrettsbevegelsen.
- Gjere momskompensasjon for idrettsanlegg regelstyrt.
- Gi full momskompensasjon gjennom ei regelstyrt ordning til idrett, frivilligheit og kultur.
- Leggje til rette for at innbyggarar har moglegheit til gratis lån av utstyr til trening og friluftsliv og sørgje for at det blir laga ein plan for tilgang til slikt utlån i kommunane.
- Sørgje for, i samarbeid med idretten, at fleire fritidsaktivitetar blir tilrettelagde for alle, slik at òg barn med funksjonsnedsetjing og kroniske sjukdommar kan delta.
- Leggje godt til rette for friluftsliv i byar og tettbygde område ved å bidra til skilting, merking og kartfesting av stiar, opparbeide turvegar og turruter og leggje til rette for betre universelt tilgjenge til turvegar og friluftsopplevingar.
- Styrkje paraidretten i samarbeid med idrettsbevegelsen slik at alle barn og unge får eit tilbod.
- Leggje til rette for at Noreg også i framtida skal vere vertskap for store internasjonale idrettsarrangement.
- Styrkje arbeidet mot spelavhengigheit, bevare einerettsmodellen og setje i verk tiltak for å forhindre spel på utanlandske spelselskap i Noreg.
- Vurdere tapsgrensa i Rikstoto.
- Leggje til rette for organisert e-sport i tråd med verdiane i den norske idrettsmodellen.
Ein sterkare frivillig sektor som står på eigne bein
Frivillige organisasjonar bidrar til kompetanse, læring og inkludering og gir folk i alle aldrar moglegheit til å møtast, engasjere seg og vere ein del av eit fellesskap. Regjeringa vil sikre frivilligheita god finansiering, stor fridom og ein sentral plass i samfunnet. Frivilligheita skal ha god tilgang på lokale, anlegg og utstyr, og regjeringa skal fjerne hindringar for frivillig engasjement, som unødvendige søknadsprosessar og papirarbeid.
Regjeringa vil:
- Gi full momskompensasjon gjennom ei regelstyrt ordning til idrett, frivilligheit og kultur.
- Auke grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonar.
- Leggje til rette for at det blir oppretta fleire frivilligsentralar og frivilligheitsråd i kommunane, og flytte frivilligsentralane til ein eigen post på kulturbudsjettet.
- Gjennomgå, forenkle og samordne regelverk og støtteordningar for frivilligheita og samle dei i ein felles søknadsportal.
Medium som føresetnad for ytringsfridom og demokrati
Regjeringas mål er å sikre sterke norske medium og leggje til rette for at alle grupper i samfunnet har eit godt medietilbod. Behovet for truverdige, redaktørstyrte medium av høg kvalitet er større enn nokon gong. Regjeringa er spesielt bekymra for kåra til kvalitetsjournalistikken.
Regjeringa vil:
- Sikre ytringsfridommen gjennom dei frie media. Redaktørar og journalistar skal ha eit særskilt vern.
- Sikre at offentlegheitslova og prinsippet om meiroffentlegheit blir praktisert i alle offentlege verksemder, og vurdere strengare sanksjonar ved brot på offentlegheitslova.
- Arbeide for at dei globale medie- og teknologiaktørane viser openheit om bruk av data og betaler skattar og avgifter i dei landa dei opererer i.
- Auke innovasjons- og pressestøtta på ein måte som sikrar god utvikling i lokalmedia, utan at det går ut over dei større riks- og regionmedia.
- Sikre NRKs rolle som ein brei allmennkringkastar med sterk nærvær i heile landet gjennom føreseieleg styring og finansiering.
- Sikre kommersiell allmennkringkasting med hovudkontor i og nyheitssendingar frå Bergen og ein kommersiell allmennkringkastar på radio med hovudkontor på Lillehammer.
- Gi lokalradio moglegheit til å vere på FM-nettet fram til 2031.
Eit likestilt samfunn er eit fritt samfunn
Regjeringa skal føre ein offensiv likestillingspolitikk som gjer at alle blir inkluderte i samfunnet, uavhengig av kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne og etnisitet. Det skal arbeidast målretta for auka mangfald i arbeidslivet og betre representasjon mellom kjønna i dei kjønnsskeive bransjane. Det er eit mål for regjeringa å styrkje den universelle utforminga av samfunnet. Regjeringa ser med uro på det auka omfanget av rasistiske og andre ytterleggåande idear og totalitære bevegelsar, og vil prioritere arbeidet mot konspirasjonsteoriar og ekstremisme høgt.
Regjeringa vil:
- Styrkje Likestillings- og diskrimineringsombodet, likestillingssentera, Diskrimineringsnemnda og organisasjonane som arbeider for auka likestilling.
- Vidareutvikle brukarstyrt personleg assistanse (BPA) som eit viktig verktøy for å sikre alle menneske deltaking og likestilling i samfunnet.
- Etablere kontaktutval mellom myndigheitene og likestillings- og mangfaldorganisasjonane.
- Inkorporere FNs konvensjon for rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.
- Nedsetje eit nytt mannsutval for å sjå på menns likestillingsutfordringar.
- Styrkje innsatsen for å kjempe mot netthets.
- Styrkje arbeidet mot seksuell trakassering, blant anna ved å ratifisere ILO-konvensjon 190 og ved å få arbeid mot seksuell trakassering inn i HMS-reglane i arbeidsmiljølova.
- Forby konverteringsterapi.
- Leggje fram ein ny handlingsplan for LHBT+-personar med fokus på levekår og psykisk helse, og særleg gjennomgå og styrkje tilbodet til folk med kjønnsinkongruens.
- Utarbeide ein ny handlingsplan mot rasisme, ekstremisme og radikalisering.
- Sørgje for at elevane får meir kunnskap og informasjon om hatefulle ytringar og konsekvensar av rasisme gjennom skuleløpet, og jobbe for at så mange norske ungdomsskuleelevar som mogleg får tilbod om besøk til 22. juli-senteret og/eller til Utøya.
- Fjerne statsstøtta til Human Rights Service.