Kunnskap: Kunnskap for framtida
Gode barnehagar gir barn ein god start
Gode barnehagar er eit viktig bidrag til å gi alle barn ein trygg og god oppvekst og like moglegheiter. I barnehagen skal barn oppleve inkludering, fellesskap og vennskap, og møte nok trygge vaksne med rett kompetanse. Tilsette skal få tillit til å bruke tid og fagkunnskap saman med barna.
Regjeringa vil:
- Redusere maksprisen i barnehagen til prisnivået frå barnehageforliket i 2003. Dette skal skje i løpet av 2022.
- Gjere barnehagen gratis frå tredje barn ein har som går i barnehagen samtidig.
- Styrkje pedagognorma ved å stille krav om at minst 50 prosent av dei tilsette er barnehagelærarar, og auke delen fagarbeidarar med mål om 25 prosent.
- Forbetre bemanningsnorma slik at ho sikrar barna nok tilsette. Dette skal skje blant anna ved å stille krav til vikarbruk, krav til stadleg leiar, gjennomgå oppgåver som tar tilsette bort frå barna, og gjennomgå finansieringa av norma.
- Styrkje kompetanseutviklingstilbodet for barnehagetilsette og leggje til rette for at fleire kan ta fagbrev på jobb.
- Styrkje satsinga på barnehage i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar, og gjennomgå og forbetre dei behovsprøvde moderasjonsordningane.
- Ikkje innføre ei generell plikt til kartlegging av språkferdigheitene til alle barn før skulestart.
Eit betre regelverk for barnehagesektoren
Regjeringa vil innføre eit tydeleg og strengt regelverk for private barnehagar, som sikrar betre demokratisk styring og kontroll med barnehagesektoren. Eit nytt regelverk skal setje ein stoppar for utviklinga der kommersielle eig stadig fleire barnehagar. Regjeringa vil gi små privateide og ideelle barnehagar betre rammevilkår og blant anna gi kommunane moglegheit til å prioritere desse barnehagane. Regjeringa vil arbeide vidare med anbefalingane frå Storberget-utvalet.
Regjeringa vil:
- Stramme inn regelverket for private barnehagar for å sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til barnehagedrift, medrekna å regulere kjøp og sal av barnehagar strengare og vurdere innføring av meldeplikt og kommunal forkjøpsrett.
- Gi kommunane større moglegheit til å styre finansiering og krav til private barnehagar.
- Innføre krav om at tilsette i private barnehagar skal ha lønns- og arbeidsvilkår på linje med tilsette i offentlege barnehagar.
Fleire lærarar over heile landet
Det viktigaste for barn og unges læring, meistring og trivsel er at dei møter kvalifiserte lærarar som har tid til å sjå den enkelte eleven. Regjeringa vil møte den varsla lærarmangelen med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar. Satsinga på kompetanseutvikling for lærarar skal fortsetje på dagens nivå. Etter- og vidareutdanningstilbodet skal utvidast til fleire fag og viktige område som klasseleiing, digitale læremiddel, tilpassa opplæring og spesialpedagogikk.
Regjeringa vil:
Fjerne «avskiltinga» av lærarar utdanna før 2014. Utover dette består kompetansekrava.
Utvikle eit eige program for å rekruttere tilbake lærarar som har forlate yrket.
Lage ein ny nasjonal rekrutteringskampanje til lærarutdanninga, særleg retta mot menn.
Erstatte inntakskravet om fire i matematikk med meir treffsikre opptakskrav på lærarutdanninga.
Gjere lærarutdanninga meir praksisnær og -relevant, og gi kommande lærarar moglegheit for kompetanse i fleire fag og emne tilpassa behova til små skular.
Gjere det siste året av lærarutdanninga meir yrkesretta, med meir praksis.
Leggje til rette for fleire karrierevegar i skulen og erstatte lærarspesialistordninga med ei partsforankra ordning som gir lærarar betre tid til utviklingsarbeid, og som styrkjer profesjonsfellesskapa i skulen.
Ein fellesskule der alle elevar lærer, meistrar og trivst godt
At barn og unge med ulik bakgrunn lærer saman i skulen, er viktig for fellesskapet, det byggjer ned forskjellar og opp tilliten vi har til kvarandre. Alle elevar skal kunne gå på skule saman med barn frå nærmiljøet. Fellesskulen skal gi elevane gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking. Regjeringa vil vidareføre fagfornyinga og arbeide for å utløyse det fulle potensialet i dei nye læreplanane. Regjeringa vil innføre ei tillitsreform i skulen i dialog med partane. Det skal vere eksamen og karakterar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, samtidig som ein skal gjennomgå behovet for nye former for vurdering i tråd med nye læreplanar og undervisingsformer.
Regjeringa vil:
- Styrkje tidleg innsats i skulen, blant anna ved å leggje til rette for fleire spesialpedagogar og annan spesialkompetanse som kan gi elevar rask og ubyråkratisk oppfølging.
- Gi dei yngste elevane ein betre overgang frå barnehage til skule med meir aktiv og leikbasert pedagogikk det første skuleåret, tilpassa behova og utviklinga til elevane.
- Setje ned eit partssamansett utval for å gjennomgå kvalitetsvurderingssystemet (NKVS) i skulen, med sikte på å blant anna redusere omfanget av testar og prøver, og ta initiativ til at kommunar skal gjennomgå rapporterings- og dokumentasjonskrav regelmessig.
- Endre nasjonale prøver i dialog med partane. Det pågåande arbeidet med nye progresjonsprøver blir sett på pause.
- Stramme inn privatskuleloven ved å fjerne profilskular og yrkesfagopplæring som godkjenningsgrunnlag for statstilskot, og styrkje lokale folkevalde si moglegheit til å seie nei til nye privatskular og utvidingar.
- Gjennomføre «Veikart for universelt utformet nærskole» innan 2030, blant anna ved å gjeninnføre rentekompensasjonsordninga for skulebygg og svømmeanlegg.
- Styrkje elevane sin rett til læremiddel og hjelpemiddel tilpassa funksjonsnivå, og sikre at alle elevar får læremiddel på eiga målform.
- Lovfeste retten til nynorskelevar i språkdelte område til å halde fram i eigne nynorskklasser på ungdomstrinnet.
- Styrkje kravet til kvaliteten i og omfanget av svømmeundervisninga i skulen.
- Sikre at alle elevar har tilgang til skulebibliotek.
- Vidareføre lovkravet om leirskule i ny opplæringslov.
- Arbeide for at alle barn og unge skal ha moglegheit til å få undervising på kulturskulen.
Meir praktisk læring i skulen
Barn og unge skal oppleve at praktiske evner og ferdigheiter blir vektlagt i skulen og er verdifullt for samfunnet. Regjeringa vil styrkje praktisk læring i skulen, og begynne med ei ungdomsskulereform som skal gi elevane i ungdomsskulen meir praktisk læring og førebu dei til både yrkesfaglege og studieførebuande vidaregåande opplæring. Det må leggjast til rette for at skulane har nødvendig kompetanse, utstyr og læringsarenaer til å kunne ta i bruk praktiske læringsmetodar i alle fag.
Regjeringa vil:
- Vektleggje praktiske ferdigheiter tydelegare i alle fag, i kompetansemål, vurderings- og eksamensformer, og styrkje desse i etter- og vidareutdanningstilbodet for lærarar.
- Sikre at alle elevar i ungdomsskulen får tilbod om å velje arbeidslivsfag og minst eitt praktisk retta valfag, og gi elevar moglegheit til å velje fleire praktiske og estetiske fag.
- Innføre ei rentekompensasjonsordning for investering i utstyr og areal som er tilrettelagt for praktiske fag og undervisingsmetodar.
- Gi fleire lærarar i praktiske og estetiske fag tilbod om etter- og vidareutdanning og styrkje plassen og andelen til desse faga i lærarutdanningane.
Elevar må ha det bra for å lære bra
Skular der elevar lærer godt, er òg kjenneteikna av høg trivsel. Elevar må ha det bra for å lære bra, og skal få rask og koordinert hjelp for å hindre at ulike utfordringar øydelegg for læring og trivsel. Barn og unge skal ha eit trygt og godt skulemiljø. Mobbing på skulen og andre arenaer skal førebyggjast og takast raskt tak i.
Regjeringa vil:
Styrkje laget rundt eleven og den tidlege tverrfaglege innsatsen med blant anna barne- og ungdomsfagleg kompetanse, miljøarbeidarar, miljøterapeutar og styrkt skulehelseteneste.
Styrkje helsestasjonane og skulehelsetenesta gjennom ein konkret opptrappingsplan som blir utarbeidd i samarbeid med kommunane.
Gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid og dagleg fysisk aktivitet i skulen, med fridom for skulane til å organisere dette sjølve.
Forsterke førebygginga av mobbing og læringsmiljøutfordringar, blant anna ved å gjennomføre eit breitt kompetanseutviklingsprogram for tilsette i skulen og krav om beredskapsteam mot mobbing.
Gjennomgå kapittel 9A i opplæringslova i dialog med partane i skulen, slik at rettstryggleiken til både elevar og lærarar blir varetatt på ein betre måte.
Ei skulefritidsordning der alle barn får delta
Regjeringas ambisjon er å auke kvaliteten og senke prisen i skulefritidsordninga (SFO), og å vidareføre arbeidet med nasjonal rammeplan. Kompetansen til dei tilsette er den viktigaste kvaliteten i SFO. Det skal leggjast betre til rette for at tilsette i SFO får tilbod om kompetanseutvikling, og arbeidet for fleire heile stillingar for tilsette i SFO må styrkjast.
Regjeringa vil:
- Gradvis innføre gratis SFO for alle førsteklassingar.
- Styrkje etter- og vidareutdanningstilbodet for tilsette i skulefritidsordninga.
Vidaregåande opplæring skal gi grunnlag for arbeid og utdanning
Vidaregåande opplæring skal gi elevar yrkeskompetansen og studiekompetansen dei treng i arbeidslivet og vidare utdanning, og leggje grunnlag for at dei kan delta i samfunnet og leve gode liv. Alle elevar skal få faglege utfordringar og oppfølginga dei treng for å lære godt og gjennomføre vidaregåande skule.
Norsk nærings- og samfunnsliv treng fleire fagarbeidarar for å byggje den moderne velferdsstaten og ein industri i verdstoppen. For mange får ikkje læreplass, og for få gjennomfører med fag- eller sveinebrev. Regjeringa vil gjennomføre eit kraftfullt løft for yrkesfaga, som begynner med å styrkje praktisk læring i grunnskulen, betre yrkesfagopplæring i skule og læretid og auka innsats for seriøse vilkår i arbeidslivet.
Regjeringa vil:
- Sikre læreplass for alle ungdommar som er kvalifisert etter Vg2, i samarbeid med fylkeskommunane og arbeidslivet, der regjeringa skal leggje til rette ved blant anna å:
- Styrkje oppfølginga av ungdom i overgangen frå skule til læretid.
- Stille strengare krav til seriøsitet og bruk av lærlingar ved offentlege innkjøp og anbod.
- Styrkje rammevilkåra for lærebedrifter, irekna å styrkje tilskot og ordningar for lærlingar med behov for særskilt oppfølging.
- Betre dagens fråværsreglement slik at det blir mindre rigid og byråkratisk, meir rettferdig for elevane og legg opp til auka gjennomføring.
- La fylkeskommunane avgjere modell for opptak til vidaregåande skule i eige fylke.
- Gjennomføre eit utstyrsløft for yrkesfagopplæringa slik at skuledelen av opplæringa blir meir relevant for arbeidslivet elevane skal ut i.
- Innføre ei særskilt grunnfinansiering for kulturarvskular, og sikre at skulane òg kan ta inn vaksne utan rett til vidaregåande opplæring i desse faga.
- Ta i bruk fleire alternative opplæringsarenaer, for eksempel produksjonsskular, og utvide bruken av praksisbrevordninga til å gjelde alle skular med yrkesfag.
- Etablere eit nasjonalt senter for yrkesfag.
- Gjennomgå stipendordningane i vidaregåande opplæring og som del av gjennomgangen vurdere behovet for styrking av utstyrsstipendet og bortebuarstipendet.
Styrkje høgare yrkesfagleg utdanning
Fagskulane skal gi høgare yrkesfagleg utdanning av høg kvalitet og vere eit likeverdig yrkesfagleg alternativ til universitets- og høgskuleutdanning. Regjeringa vil gi fagskuleutdanningane ei viktigare rolle i arbeidet med livslang læring og jobbe for eit tett samarbeid mellom fagskulane og partane i arbeidslivet. Regjeringa vil prioritere ei utvikling av kvaliteten og tilbodet for å møte framtidas kompetansebehov.
Regjeringa vil:
Gjennomføre ein opptrappingsplan med tusen nye fagskuleplassar årleg over fem år, i tråd med arbeidslivets behov.
Styrkje finansieringa av fagskulane slik at utdanningane kan utviklast og eigenbetalinga reduserast, og gjennomgå dimensjoneringa i fagskulesektoren for å sikre heile landet relevante utdanningstilbod av god kvalitet.
Gi fagskulelærarar betre moglegheiter til å utvikle sin pedagogiske kompetanse.
Opprette eit nasjonalt studentombod for fagskulestudentane.
Starte opp fleire bransjeprogram og etter- og vidareutdanningstilbod som tar i bruk kapasiteten og kompetansen i fagskulane.
Ei storsatsing på utdanning i heile landet
Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og byggje sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Derfor vil vi styrkje det regionale utdanningstilbodet: Utdanning og livslang læring må vere tilgjengeleg der folk bur. Slik blir det enklare for folk å få kompetansepåfyll og meir utdanning, mens bedrifter og kommunar kan rekruttere breiare og få tilgang på fleire fagfolk.
Regjeringa vil:
- Stille tydelegare nasjonale krav til universitet og høgskular om regionalt nærvær for å styrkje det desentraliserte tilbodet og møte regionale kompetansebehov, gjennom oppdragsbrev og utviklingsavtaler.
- Gjennomgå finansieringssystemet slik at det fremmer det breie samfunnsoppdraget til lærestadene, varetar ein desentralisert struktur og bidrar til betre studiekvalitet og livslang læring.
- Auke basisfinansieringa for universitet og høgskular og bidra til å kompensere meirkostnader for fleircampus-institusjonar.
- Gjennomgå sentraliserande kvalitets- og akkrediteringskrav i høgare utdanning.
- Greie ut lovfesting av om nedlegging av studiestader og avvikling av sentrale profesjonsfag med stor regional tyding ikkje kan avgjerast av styret ved institusjonen aleine, men må behandlast politisk av Stortinget.
- Leggje fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane.
- Lansere ei reform for desentralisert utdanning over heile landet, blant anna gjennom lokale utdanningssenter som i hovudsak er eigde av fylka eller har samarbeidsavtaler med eksisterande institusjonar. Utdanningssentera skal få eit særleg ansvar for utdanning der folk bur, basert på lokale kompetansebehov.
- Gi kommunane og helseforetaka plikt til å stille med praksisplassar for profesjonsfaga, som sjukepleie- og lærarutdanning.
- Reetablere ein fullverdig høgare utdanningsinstitusjon på Nesna ved å gjenopprette grunnskule- og barnehagelærarutdanning og greie ut kva for andre studie- og utdanningstilbod som kan lokaliserast til Campus Nesna. Vidare vil regjeringa leggje til rette for at utdanningsinstitusjonen på Nesna kan bli eit senter for desentralisert og distriktsretta utdanning og forsking. Prosessen skal starte vinteren 2022. Undervegs i prosessen må interessene til fagfolka som framleis er ved Nesna, og til studentane som har starta på utdanninga si ved institusjonen før nedleggingsvedtaket, varetakast.
Forsking og utdanning for heile landet
Kvaliteten i forsking og høgare utdanning er avgjerande for kor godt Noreg lykkast med å utvikle og ta i bruk ny kunnskap til å skape verdiar og å løyse samfunnsutfordringar nasjonalt og globalt. Regjeringa vil styrkje norsk forsking, både i offentleg regi og i næringslivet, og prioritere eit løft for forsking på klima og omstilling. Forskingsinstitutta speler ei sentral rolle. Regjeringa vil betre arbeidsvilkåra, redusere midlertidigheita og styrkje rekrutteringa, likestillinga og mangfaldet i høgare utdanning og forsking, og gjennomføre ei tillitsreform for universitets- og høgskulesektoren. Vitskap og forsking er under press mange stader i verda, og regjeringa vil hegne om kunnskapens eigenverdi, forskingas integritet og den akademiske fridommen. Høgare utdanning i Noreg skal vere gratis, òg for internasjonale studentar.
Regjeringa vil:
Trappe opp talet på nye studieplassar, med opptrappingsplanar for område med særleg stort kompetansebehov, som læraryrket, sjukepleie, realfag, IKT og medisin.
Setje i gang ei reell avbyråkratisering i høgare utdanning ved å gjennomgå oppgåvene til direktorata, overføre myndigheit til institusjonane og tilbakeføre oppgåver til departementet.
Betre kjønnsbalansen, og stramme inn regelverket for bruk av midlertidige stillingar.
Leggje fram ei prioriteringsliste for nybygg og investeringar som ein del av ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning.
Sørgje for at norsk språk blir løfta fram i høgare utdanning og forsking.
Vidareføre treprosentmålet i forskingspolitikken og leggje fram ein strategi for at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to prosent av BNP innan 2030.
Utvide satsinga på framifrå forskings- og utdanningsmiljø og etablere nye forskingsmiljø i internasjonal toppklasse knytt til næringsklynger.
Auke forskingsandelen i departementa og sikre betre samordning av forskingspolitikken.
Sørgje for at offentleg finansiert forsking er tilgjengeleg, og at alle høgare utdanningsinstitusjonar har ordningar for publisering med open tilgang.
Halde fram med og utvikle Noregs utdannings- og forskingssamarbeid med Europa.
Studentvelferd for lik rett til utdanning
Framover vil stadig fleire søkje seg til høgare utdanning. Regjeringa vil hegne om lik rett til utdanning i heile landet, uavhengig av økonomi og familiesituasjon. Ein god studiestad, ein trygg økonomi og ein rimeleg stad å bu er svært viktig for læringa og livskvaliteten til studentane.
Regjeringa vil:
Innføre 12 månaders studiestøtte for heiltidsstudentar med barn under 16 år.
Styrkje det psykiske helsetilbodet for studentar i regi av kommunane og samskipnadene.
Trappe opp studentbustadbygginga med mål om 3000 bygde bustader i året.
Gjennomgå studiefinansieringa med mål om å leggje betre til rette for både heiltids- og deltidsstudentar, og sikre at reisestipendet varetar lik rett til utdanning over heile landet.
Kompetansereform for livslang læring
Norsk arbeidsliv stiller høge krav til arbeidstakarane sin kunnskap og kompetanse. Det er òg eit av våre fremste fortrinn. I åra framover vil krava auke, og regjeringa vil gjennomføre ei kompetansereform som svarer på behova til både arbeidsfolk og arbeidsgivarar for oppdatert og formalisert kompetanse. Reforma skal utformast i tett dialog med partane i arbeidslivet.
Regjeringa vil:
Gjennomføre ei brei kompetansereform for arbeidslivet og leggje fram ein langtidsplan for livslang læring.
Greie ut korleis arbeidstakarar kan opparbeide ein rett til etter- og vidareutdanning.
Gjere det meir attraktivt for universitet og høgskular å tilby kortare etter- og vidareutdanningstilbod og fjerne hindringar i finansieringssystemet.
Styrkje rolla til studieforbunda og det frivillige opplæringstilbodet.
Sikre at staten bidrar til finansieringa av kompetansereforma som del av eit trepartssamarbeid, og vurdere å opprette eit kompetansefond for å finansiere livslang læring.
Folkehøgskulane gir læring for livet
Folkehøgskulane er eit verdifullt alternativ til det formelle utdanningssystemet. Dei gir lærelyst og ny motivasjon, i tillegg til å drive allmenndanning og utvikle ferdigheiter for livet.
Regjeringa vil:
Leggje fram ein nasjonal plan for vekst i elevplassar og etablering av nye folkehøgskular.
Gjennomgå støtte- og finansieringsordningane for å bidra til at folkehøgskulane både ermangfaldige og eit reelt tilbod for alle.
Leggje til rette for at folkehøgskulelærarar kan ta praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).