Høyring - Oppheving av kommuneloven kapittel 5 B. Samkommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette på høyring eit forslag til lovendring som opphevar lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) kapittel 5 B. Samkommune.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 13.04.2015

Vår ref.: 14-5940

Regjeringa ønskjer å gjennomføre ei kommunereform, jf. Prop. 95 S (2013–2014) Kommuneproposisjonen 2015. I proposisjonen blei det varsla at samkommunemodellen blir avvikla. Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette på høyring eit forslag til lovendring som opphevar lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) kapittel 5 B. Samkommune.

Vi ber om at høyringsinstansane vurderer om saka bør sendast vidare til underliggjande organ, organisasjonar osv. som ikkje står på høyringslista.

Høyringsfristen er 13.4.2015. For å gi høyringsfråsegn, gå til www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegner. Desse er offentlege etter offentleglova og blir publiserte fortløpande.

 

Med helsing

Siri Halvorsen
Avdelingsdirektør
Jørgen Jahr Hopperstad
Seniorrådgjevar

 

 

                                                                                  

                                                                                 

Vedlegg:

Høyring - Oppheving av kommuneloven kapittel 5 B. Samkommune (pdf)

Departementene

Fylkesmenn

Fylkeskommunene

Kommuner

Innherred samkommune

Midtre Namdal samkommune

Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

Norges kommunerevisorforbund

Kommunesektorens organisasjon

Arbeiderpartiet

Kristelig Folkeparti

Venstre

Høyre

Fremskrittspartiet

Rødt

Senterpartiet

Sosialistisk Venstreparti

Miljøpartiet De Grønne

Følg saka