Høring - forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning

Kunnskapsdepartementet sender med dette ut ei høyring med forslag til endringar i opptaksforskrifta og PPU-forskrifta. Høyringa følger opp forslag i Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning om endringar i nivåkrav ved opptak til lærar- og sjukepleiarutdanningane og forslag i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet, om endringar i studiemodell og opptakskrav til PPU. Departementet tek atterhald om at Stortinget sluttar seg til forslaga.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 07.06.2024

Vår ref.: 24/1753

 

Høyringsbrev – forslag om endringar i forskrift om opptak til høgare utdanning og forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning

Kunnskapsdepartementet sender med dette forslag til endringar i forskrift 6. januar 2017 nr 13 om opptak til høgare utdanning  (opptaksforskrifta) og forskrift 12. desember 2015 om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning på høyring.

Departementet følger med dette opp forslag i Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning om endringar i nivåkrav ved opptak til lærar- og sjukepleiarutdanningane og forslag i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet, om endringar i studiemodell og opptakskrav til PPU.

I opptaksforskrifta foreslår departementet å fjerne nivåkrava til sjukepleie og å opne for at universiteter og høgskular kan søke om dispensasjon frå nivåkrava til lærarutdanningane. Departementet foreslår at endringane blir innført frå opptaket til studieåret 2025–2026, men at det blir innført ei overgangsordning som gjer det mogleg å gi opptak lokalt til søkarar som ikkje oppfyller nivåkravet allereie til studieåret 2024–2025.

I forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning foreslår departementet å opne for at institusjonane kan ta opp søkarar med relevant bachelorgrad til ein master i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU-master) på 120 studiepoeng, samt at institusjonane i ein overgangsperiode fram til 2030, kan ta opp søkarar med relevant bachelorgrad og minst to års relevant arbeidserfaring frå skulen, til praktisk-pedagogisk utdanning på 60 studiepoeng. I tillegg foreslår departementet å forlenge unntaket frå krav om mastergrad for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for søkarar med bachelor i praktiske og estetiske fag, fram til 2030.

Departementet tek atterhald om at Stortinget sluttar seg til forslaga.

Høyringa er tilgjengeleg på regjeringa.no. Høyringsfråsegner kan sendast elektronisk ved å bruke den digitale løysinga på http://www.regjeringen.no/id3035568

Høyringsfråsegner er offentlege og blir publiserte. Høyringsfristen er fredag 7. juni 2024.

Departementet viser til vedlagde høyringsnotat og forslag til endringar i opptaksforskrifta og PPU-forskrifta.

 

 

Med helsing


Marthe Nordtug (e.f.)
avdelingsdirektør                                     

                                                                                      Katrine Elida Aaland
                                                                                      utredningsleia

  • Agder fylkeskommune
  • Akershus fylkeskommune
  • Ansgar Teologiske Høgskole
  • Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
  • Association of Norwegian Students Abroad
  • Barratt Due musikkinstitutt
  • Bergen Arkitekthøgskole
  • Buskerud fylkeskommune
  • Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærerutdanning
  • Elevorganisasjonen
  • Finnmark fylkeskommune
  • Fjellhaug Internasjonale Høgskole
  • Handelshøyskolen BI
  • Høgskolen i Innlandet
  • Høgskolen i Molde vitenskapelig høgskole i logistikk
  • Høgskolen i Østfold
  • Høgskulen for grøn utvikling
  • Høgskulen i Volda
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Høyskolen for Dansekunst
  • Høyskolen for Ledelse og Teologi
  • Høyskolen Kristiania
  • Innlandet fylkeskommune
  • Kunsthøgskolen i Oslo
  • Lovisenberg diakonale høgskole
  • MF vitenskapelig høyskole for teologi religion og samfunn
  • Møre og Romsdal fylkeskommune
  • NLA Høgskolen
  • Nord universitet
  • Nordland fylkeskommune
  • Norges Handelshøyskole
  • Norges idrettshøgskole
  • Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
  • Norges musikkhøgskole
  • Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  • Norsk studentorganisasjon
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter
  • Oslo kommune
  • OsloMet – storbyuniversitetet
  • Rogaland fylkeskommune
  • Samisk høgskole
  • Sikt Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Statsforvaltaren i Rogaland
  • Statsforvaltaren i Vestland
  • Statsforvalteren i Agder
  • Statsforvalteren i Innlandet
  • Statsforvalteren i Nordland
  • Statsforvalteren i Oslo og Viken
  • Statsforvalteren i Troms og Finnmark
  • Statsforvalteren i Trøndelag
  • Statsforvalteren i Vestfold og Telemark
  • Steinerhøyskolen
  • Telemark fylkeskommune
  • Troms fylkeskommune
  • Troms og Finnmark fylkeskommune
  • Trøndelag fylkeskommune
  • Universitetet i Agder
  • Universitetet i Bergen
  • Universitetet i Oslo
  • Universitetet i Stavanger
  • Universitetet i Sørøst-Norge
  • Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet
  • Utdanningsdirektoratet
  • Vestfold fylkeskommune
  • Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Vestland fylkeskommune
  • VID vitenskapelige høgskole
  • Viken fylkeskommune
  • Østfold fylkeskommune

Kopi 

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet
  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Barne- og familiedepartementet
  • Forskerforbundet
  • Forum for fagskoler - Abelia
  • Hovedorganisasjonen Virke
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • Likestillings- og diskrimineringsombudet
  • Lærernes Yrkesforbund
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
  • Norsk Lektorlag
  • Næringslivets Hovedorganisasjon
  • Rådet for offentlige fagskoler
  • Skolelederforbundet
  • Skolenes landsforbund
  • Statens lånekasse for utdanning
  • Unio
  • Universitets- og høgskolerådet
  • Utdanningsforbundet
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund