Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia
Plan/strategi | Dato: 14.06.2023 | Kunnskapsdepartementet
Dei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular føregått på engelsk. Regjeringa vil at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. I denne handlingsplanen legg regjeringa fram konkrete grep for å trygge og styrke norsk fagspråk for framtida.