Eigedomsskattelova
Finansdepartementet
Lov 6. juni 1975 nr. 29 Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
Lov | Dato: 06.06.1975 | Finansdepartementet
Eigedomsskatt til kommunane vert utskriven etter reglane i denne lova.
Med skatteår er i lova meint det almanakkåret (budsjettåret) som eigedomsskatten vert utskriven for. Med eigedomsskattekontoret er meint det kontoret som har med å skriva ut skatten. Kommunestyret avgjer om det skal skrivast ut eigedomsskatt i kommunen. Kommunestyret kan berre skriva ut eigedomsskatt i klårt avgrensa område som heilt eller delvis er utbygde på byvis, eller der slik utbygging er i gang. Utan omsyn til om det i kommunen er område som nemnd i første punktum eller ikkje, kan kommunestyret velja å skrive ut eigedomsskatt berre på verk og bruk som nemnde i § 4 andre leden andre og tredje punktum. Vedtaket kan gjelda for heile kommunen når vilkåra etter første punktum er stetta. Endra med lov 28 juni 1996 nr. 47. Vert endra med lov 16 juni 2006 nr. 25 (f o m skatteåret 2007).