Høyring NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet

Kunnskapsdepartementet sender NOU 2022: 2 Akademisk ytringfrihet på høyring. Utgreiinga vil mellom anna vera ein del av kunnskapsgrunnlaget for ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning, som er planlagt lagt fram hausten 2022. Departementet ber særleg om at synspunkt på forslaget om ein formidlingsindikator som del av finansieringssystemet for universitet og høgskular og på bruk av utviklingsavtalar blir sett kommentert i høyring av rapport frå ekspertutval om finansiering av universitet og høgskular (med frist 10. juni 2022). Høyringsfrist for NOU 2022: 2 er 25. juni 2022.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 25.06.2022

Vår ref.: 22/1719

Høyring - NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet

Kunnskapsdepartementet sender med dette NOU 2022: 2 Akademisk ytringfrihet på høyring.

Kunnskapsdepartementet oppnemnde 20. juli 2021 eit ekspertutval som skulle greie ut problemstillingar knytt til akademisk ytringsfridom. Dette var ei oppfølging av universitets- og høgskolelovutvalet (NOU 2020: 3) og departementet si oppfølging av denne, (Prop. 111 L (2020-2021)). Utgreiinga vil vera ein del av kunnskapsgrunnlaget for ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning, som er planlagt lagt fram hausten 2022.

Departementet ber særleg om synspunkt på kva tiltak som kan og bør følgjast opp på departementsnivå, for å støtte opp om arbeidet med god kultur for akademisk frihet, akademisk ytringsfrihet og formidling til samfunnet ved dei akademiske institusjonane.

Forslaget til endring i universitets- og høgskulelova § 1-5 vil bli følgt opp i arbeidet med ny universitets- og høgskulelov som er planlagt lagt fram i 2023.

Utgreinga har forslag om ein formidlingsindikator som del av resultatbasert utteljing i finansieringssystemet for universitet og høgskular. Utvalet har også synspunkt på bruk av utviklingsavtalar. Departementet ber om at synspunkt på bruk av utviklingsavtalane og på formidlingsinsdikatoren blir sett i samanheng med høyring av rapport frå ekspertutval om finansiering av universitet og høgskular (med frist 10. juni 2022), og kommentert i den høyringa.

Ei rekke av forslaga i utgreiinga rettar seg mot dei akademiske institusjonane og deira arbeid for å tilretteleggje for akademisk ytringsfridom. Departementet føreset at institusjonane vurderer desse, uavhengig av denne høyringa.

For å sikre ei god behandling av høyringssvara, så ber vi om at svara vert strukturerte i samsvar med disposisjonen i utgreiinga. Vi ber om at høyringssvar vert levert gjennom den digitale løysinga på www.regjeringen.no/id2905942.  

 

Høyringsfristen er 25. juni 2022.

 

 

 

Hege Nygård (e.f.)
ekspedisjonssjef                                                         Lars Vasbotten
                                                                                       avdelingsdirektør

  • Arbeids- og inkluderingsdepartementet
  • Barne- og familiedepartementet
  • Finansdepartementet
  • Forsvarsdepartementet
  • Helse- og omsorgsdepartementet
  • Justis- og beredskapsdepartementet
  • Klima- og miljødepartementet
  • Kommunal- og distriktsdepartementet
  • Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Landbruks- og matdepartementet
  • Nærings- og fiskeridepartementet
  • Olje- og energidepartementet
  • Samferdselsdepartementet
  • Utenriksdepartementet

  • Riksrevisjonen
  • Sametinget

 

  • Datatilsynet
  • Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
  • Det nasjonale publiseringsutvalet
  • Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
  • Helsetilsynet
  • Innovasjon Norge
  • Nasjonalt fagskoleråd
  • Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
  • Noregs forskingsråd
  • Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør
  • Språkrådet
  • Statens lånekasse for utdanning

 

  • Statlege universitet og høgskular
  • Private høgskular
  • Komite for kjønnsbalanse og mangfald i forsking
  • Kriminalomsorgens høyskole og utdanningssenter
  • Norsk fag- og friskolersforbund
  • Universitets- og høgskolerådet
  • Forskningsinstituttenes fellesarena

 

  • Fylkeskommunane
  • Regionale forskingsfond
  • Regionale helseføretak

 

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter
  • Hovedorganisasjonen Virke
  • KS – Kommunesektorens organisasjon
  • Næringslivets Hovedorganisasjon

 

  • Akademikerne, sammenslutning av norske akademikerforening
  • Forskerforbundet
  • Landsorganisasjonen i Norge
  • NITO – Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
  • Unio – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdanna
  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

 

 

  • ANSA – Association of Norwegian Students Abroad
  • International Students’ Union of Norway
  • Norsk studentorganisasjon
  • Organisasjon for norske fagskolestudenter
  • Stipendiatorganisasjonene i Norge

 

  • Academia Borealis, Nord-Norges Vitenskapsakademi
  • Agder Vitenskapsakademi
  • Akademiet for yngre forskere
  • Forleggerforeningen
  • Forfatterforeningen
  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
  • Det Norske Nobelinstitutt
  • Det Norske Videnskaps-Akademi
  • Noregs mållag
  • Norsk Målungdom
  • Norsk presseforbund
  • Norsk journatistlag
  • Norsk redaktørforening
  • Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening
  • Norges Tekniske Vitenskapsakademi NTVA
  • Nynorsk kultursentrum
  • Riksmålsforbundet
  • Store leksikon
  • Vitenskapsakademiet i Stavanger

 

  • Institutt for energiteknikk (IFE)
  • NORCE Norwegian Research Centre AS
  • Norges Geotekniske Institutt (NGI)
  • NORSAR – Norwegian Seismic Array
  • Norsk Regnesentral (NR)
  • Stiftelsen SINTEF
  • NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi
  • Nofima AS
  • RURALIS Institutt for rural- og regionalforskning
  • Veterinærinstituttet
  • Chr. Michelsens Institutt (CMI)
  • Forskningsstiftelsen Fafo
  • Fridtjof Nansens Institutt (FNI)
  • Institutt for fredsforskning (PRIO)
  • Institutt for samfunnsforskning (ISF)
  • Møreforsking AS
  • Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)
  • Nordlandsforskning AS
  • Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI)
  • CICERO Senter for klimaforskning
  • Nansen Senter for Miljø og Fjernmåling (NERSC)
  • NORCE Norwegian Research Centre AS (Miljø og klima)
  • Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU)
  • Norsk institutt for luftforskning (NILU)
  • Norsk institutt for naturforskning (NINA)
  • Norsk institutt for vannforskning (NIVA)
  • NORSUS Norsk institutt for bærekraftsforskning AS
  • NTNU Samfunnsforskning AS
  • Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)
  • Stiftelsen Telemarksforsking
  • Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning
  • Stiftinga Vestlandsforsking
  • Transportøkonomisk institutt (TØI)

 

Arkivverket

Folkehelseinstituttet

Forsvarets forskningsinstitutt

Havforskningsinstituttet

Meteorologisk institutt

Nasjonalbiblioteket

Norges geologiske undersøkelse

Norges vassdrags- og energidirektorat

Norsk polarinstitutt

Simula AS

SSB

STAMI