Å samla kunst. Samlingsutvikling ved norske kunstmuseum på 2000-talet
av Jorunn Veiteberg, Norsk kulturråd, 2019
Rapport | Dato: 14.02.2019 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Opphavleg utgjeve av: Kulturdepartementet
Bakgrunnen for denne rapporten er Kulturdepartementet sitt ønske om ei kartlegging av samlingsutviklinga ved fjorten norske kunstmuseum i perioden 2000 til 2016.
Målet har vore å få fram korleis desse musea byggjer samlingar, korleis samlingane har utvikla seg, og kva samanheng det er mellom samlingsutvikling og samtida sine kunstpraksisar.
Musea har alle funksjonar innanfor det visuelle kunstfeltet. Dei mottar driftsstøtte over Kulturdepartementet sitt budsjett og er med i det nasjonale museumsnettverket.
Rapporten "Å samla kunst. Samlingsutvikling ved norske kunstmuseum på 2000-talet" (.pdf)