§ 6 - Vurdering av habilitet for landsbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum

Saksnr. 12/5495 EO OKL
Dato: 14.01.2013

Vurdering av habilitet for landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum


Vi viser til brev 15. august 2012, der Landbruks- og matdepartementet (LMD) ber om ei vurdering av statsråd Trygve Slagsvold Vedum sin habilitet i enkelte saker. Bakgrunnen er at statsråden er medlem av Norges Bondelag og Norges Skogeierforbund.

Som LMD har påpeika, gjeld ikkje habilitetsreglane i forvaltningslova for ein statsråd direkte i eigenskap av regjeringsmedlem, men det kan leggjast til grunn at nokre ulovfesta habilitetsprinsipp gjeld for statsrådar i slike samanhengar. Innhaldet i desse prinsippa vil i stor grad tilsvare det som i andre tilfelle følgjer av reglane i forvaltningslova.

Forvaltningslova § 6 fyrste ledd er etter det opplyste ikkje aktuell i denne samanhengen, og temaet for vår vurdering vil såleis vere om det ligg føre tilhøve som kan medføre inhabillitet på grunnlag av forvaltningslova § 6 andre ledd.

Føresegna i § 6 andre ledd fyrste punktum seier at ein tenestemann er inhabil («ugild») dersom

«andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til.»

Det er opplyst frå LMD at kompetansen til å treffe enkeltvedtak i saker som gjeld skogbruk og skoglovgjevinga, ikkje ligg hjå departementet, korkje som fyrsteinstans eller klageinstans. Med unntak for jordbruksforhandlingane og det som elles følgjer nedanfor, legg vi til grunn at det same er tilfellet for saker som gjeld jordbruk. Sjå nærare om dette i vårt brev til LMD 25. april 2006 (vår ref. 200602788 EO). Habilitetsspørsmål kan likevel oppstå i visse spesielle tilfelle, både for jordbruks- og skogbrukssaker. Om dette viser vi til punkt 6 i vårt brev 25. april 2006.

Når det gjeld spørsmålet om medlemskapen kan medføre inhabilitet for statsråden i samband med jordbruksforhandlingane, vil dette som det klare utgangspunktet ikkje vere tilfellet. Medlemskap i Norges Bondelag og Norges Skogeierforbund vil normalt ikkje utgjere «særegne forhold» i denne samanhengen. Vi viser her til punkt 5 i vårt brev 25. april 2006, og vidare til dei retningslinene som er trekte opp i vårt brev 22. januar 1992 til Arbeids- og administrasjonsdepartementet (jnr. 1858/91 E). Desse retningslinene er framleis aktuelle og vil i stor grad gje rettleing for habilitetsspørsmålet på dette feltet.

Som LMD har gjort greie for, vil dei aller fleste avgjerdene som elles blir gjorde i departementet, og som kan ha noko å seie for statsråden sin habilitet, vere av svært generell karakter, og dei vil gjelde mange andre næringsdrivande i tillegg til statsråden. Vi kan ikkje sjå at medlemskap i Norges Bondelag og Norges Skogeierforbund normalt vil føre til inhabilitet for statsråden når det gjeld vedtaking av forskrifter eller å gjere budsjettprioriteringar. Som omtala i punkt 6 i vårt brev 25. april 2006, vil vilkåret «særegne forhold» til vanleg heller ikkje vere oppfylt i slike saker, men det kan tenkjast spesielle tilfelle der det kan vere grunn til å vere varsam. Vi viser elles til utgreiinga i vårt brev 22. januar 1992 til Arbeids- og administrasjonsdeparte­mentet om desse spørsmåla.

Heller ikkje i saker som omhandlar dyrevern, vil medlemskapen i Norges Bondelag (og Norges Skogeierforbund) normalt medføre inhabilitet for statsråden. Sjå siste avsnitt i vårt brev 25. april 2006 om slike tilfelle.