§ 4 - Vurdering av heimel i produktkontrollova for ei føresegn om sikringskvalitet

Vurdering av heimel i produktkontrollova for ei føresegn om sikringskvalitet


1.
    Innleiing

Vi viser til brev frå Klima- og miljødepartementet (KLD) 23. oktober 2018. KLD ber oss vurdere om produktkontrollova § 4 gir heimel for å innføre ein regel i produktforskrifta (forskrift 1. juni 2004 nr. 922 om begrensning i bruk av helse- og miljøfarlige kjemikalier og andre produkter) om at drivstoff som inneheld meir enn 5 % etanol berre kan bli selt på stader der ein innan 50 km kan få kjøpt såkalla sikringskvalitet. Sikringskvalitet er drivstoff som ikkje inneheld meir enn 5 % etanol.

I punkt 2 vil vi seie litt om bakgrunnen for den regelen KLD vurderer å innføre. I punkt 3 vil vi vurdere om produktkontrollova § 4 gir heimel for å innføre regelen.

2.    Nærare om føresegna om sikringskvalitet og bakgrunnen for ho

Bakgrunnen for at KLD vurderer å innføre regelen som sikringskvalitet er dei såkalla omsetningskrava i produktforskrifta § 3-3 fyrste ledd:

«De som omsetter drivstoff skal sørge for at minimum 8,0 volumprosent av totalt omsatt mengde drivstoff til veitrafikk per år består av biodrivstoff, unntatt biogass. Dette kravet øker til 10,0 volumprosent fra 1. januar 2018. Minimum 4,0 volumprosent av totalt omsatt mengde drivstoff til veigående bensinkjøretøy per år skal bestå av biodrivstoff, unntatt biogass. Kravene kan oppfylles av den enkelte omsetter eller av flere omsettere samlet.»

Uttrykket «omsetter» omfattar «den som er ansvarlig for innbetaling av særavgift til drivstoffet eller flytende biobrensel slik de er angitt i særavgiftsforskriften § 5-1 og 5-2, jf. § 2-1», jf. § 3-2 bokstav f.

KLD vurderer å endre minimumskravet i § 3-3 tredje punktum, som særskilt gjelder for «veigående bensinkjøretøy», til 6 %. Det er allereie vedtatt at det meir generelle omsetningskravet for «drivstoff til veitrafikk» i fyrste punktum vil auke frå 10 % til 12 % frå 1. januar 2019 og deretter til 20 % frå og med 2020, jf. forskrift 1. januar 2019 nr. 672 om endringer i produktforskriften (økt omsetningskrav for biodrivstoff mv. fra januar 2019 og januar 2020).

Føremålet med omsetningskrava er, saman med ein rekkje andre virkemiddel, å redusere utslepp av klimagassar frå vegtransport i Noreg.

Dei nye omsetningskrava kan overhaldast på fleire måtar. Ein måte er at ein held fram med å selje drivstoff med eit etanolinnhald på opp mot 5 % (E5) og blandar inn andre biokomponentar. Ein annan måte er at ein begynner å selje drivstoff med eit etanolinnhald på opp mot 10 % (E10).

Dersom ein går over til å selje E10, kan det føre til ei utfordring: Ein del bilar kan ikkje køyre på E10, og ein del bileigarar er dermed avhengig av tilgang på drivstoff med lågare etanolinnhald. For å sikre at bileigarane har tilstrekkelig tilgang på den drivstofftypen dei treng, vurderer KLD å innføre føresegna om sikringskvalitet.

Forslaget til føresegna om sikringskvalitet er som følger:

«Drivstoff med etanolinnhold som overstiger 5 volumprosent kan bare tilbys på steder der det finnes utsalgssted for sikringskvalitet innen 50 km. Med sikringskvalitet menes drivstoff med etanolinnhold på maksimalt 5 volumprosent, til bruk i veigående bensinkjøretøy.»

Mens omsetningskrava er retta mot dei som fell inn under den nemnde definisjonen av «omsetter», gjeld føresegna om sikringskvalitet for kvar enkelt utsalsstad for drivstoff. Føresegna om sikringskvalitet kan difor få betydning for andre rettssubjekt enn dei subjekta som omsetningskrava rettar seg mot. Vi nemner her at vi ikkje har opplysningar om kven som blir rekna som «omsetter» i dag og kven som eig dei enkelte utsalsstadane.

Føresegna om sikringskvalitet kan sjåast på som eit forbod mot berre å tilby E10. Forbodet rammar dei utsalsstadane (bensinstasjonane) kor det ikkje finst utsalsstad for sikringskvalitet innan 50 km. Utsalsstadene kan overhalde forbodet ved berre å selje E5, eller ved å tilby både E5 og E10. Forbodet er av ein noko avgrensa karakter, ved at det ikkje pålegg nokon å tilby fleire typar bensin enn i dag, men reduserer nokre av utsalsstadene sin fridom til å velje kva type bensin som kan tilbydast (med mindre sikringskvalitet blir tilbydt). I eit slikt perspektiv kan ein spørje kor treffande det er å tale om eit forbod. Uansett korleis reguleringa best kan beskrivast, ligg det inne eit visst element av å «gripe inn» overfor private, jf. Grunnlova § 113.

KLD vurderer å vedta denne føresegna som nytt tredje ledd i produktforskrifta § 3-3.

Sjølv om KLD vurderer å innføre sikringskvalitetsføresegna på grunn av omsetningskrava, understreker KLD i brevet at omsetningskrava ikkje nødvendigvis vil medføre at bensinstasjonane begynner å selje E10. Det er dermed ikkje nødvendigvis slik at omsetningskrava vil føre til utfordringa med manglande tilgang på E5. Omsetningskrava kan som nemnt oppfyllast på andre måtar enn ved at ein begynner å selje E10. KLD framhevar samtidig at det meiner at omsetningskrava faktisk aukar sannsynlegheita for introduksjon av E10. Dei har likevel etter det opplyste ikkje grunnlag for å anslå «hvor mye risikoen vil øke».

3.    Vurderinga

Problemstillinga er om KLD har heimel i produktontrollova § 4 til å vedta den føresegna om sikringskvalitet som er nemnt i punkt 2.

Å fastsette føresegna er å «gripe inn overfor einskildmennesket», og KLD må derfor ha «grunnlag i lov» for å gjere det, jf. Grunnlova § 113. Grunnlova § 113 gir uttrykk for legalitetsprinsippet. Den aktuelle lovføresegna i denne saka må tolkast i lys av det heimelskravet som følger av dette prinsippet.

I HR-2018-1907-A avsnitt 51 samanfattar Høgsterett rettstilstanden slik:

«(51) Om tolkningsnormen etter Grunnloven § 113 uttaler førstvoterende i Rt-2014-1281 avsnitt 48 at lovens ordlyd må stå sentralt. Hun fremhever videre at «tolkningstvil må løses ut fra hva som er best i samsvar med en avveining av samtlige rettskildefaktorer og som sikrer tilstrekkelig klarhet og forutsigbarhet for borgerne». De kvalitative krav til lovhjemmelen innebærer at loven må være tilgjengelig og så presis som forholdene tillater, se HR-2016-2017-A avsnitt 58 med videre henvisning til Rt-2014-1105

Legalitetsprinsippet inneber altså at ordlyden må stå sentralt ved tolkinga av produktkontrollova § 4 fyrste ledd. I Rt. 2010 side 306 (i avsnitt 78) uttalte Høgsterett at den aktuelle heimelsføresegna i saka ikkje var for uklar etter legalitetsprinsippet, sjølv om føresegna var «noe vag». Høgsterett peikte særleg på at føresegna var bevisst utforma slik for å gi myndigheitene eit forholdsvis fritt spelerom. Vi oppfattar det slik at Høgsterett sine synspunkt i Rt. 1995 side 530 (på side 537) framleis er retningsgivande. Det heiter der at legalitetsprinsippet sitt krav til lovheimel «må nyanseres blant annet ut fra hvilket område en befinner seg på, arten av inngrepet, hvordan det rammer og hvor tyngende det er overfor den som rammes». I denne saka er det tale om å gi ei generell føresegn som får betydning for kommersiell verksemd på eit område med mange reguleringar frå før. Føresegna vil, i alle fall i utgangspunktet, gjelde likt for alle aktørane i bransjen. Det er sentralt at føresegna ikkje pålegg nokon å selje bestemte bensintypar, men berre set krav for å kunne selje E10. Vi har få opplysningar som kastar lys over kor tyngande sikringskvalitetsføresegna vil vere for aktørane. Vi har forstått det slik at ingen berre sel E10 i dag, slik at kravet ikkje vil gripe inn i ein etablert salspraksis. Føresegna inneber likevel eit inngrep i valfridomen til utsalsstadane. Sjølv om det ikkje synest å vere nødvendig eller ligge føre eit sterkt behov for å kunne selje E10 i dag, kan det tenkast at det blir det i framtida, for eksempel på grunn av nye offentlege krav eller endringer i kostnadsbiletet. I så fall kan føresegna om sikringskvalitet bli nokså tyngande, og for eksempel føre til at enkelte bensinstasjonar må investere i fleire tankar eller i verste fall legge ned drifta. Samla sett er det neppe grunn til å nyansere heimelskravet i ei særleg streng retning i denne saka, med det må likevel ha betydning at det kan tenkast at føresegna kan bli nokså tyngande for enkeltaktørar.

I denne saka er det som nemnt produktkontrollova § 4 fyrste ledd som er den aktuelle heimelen. Føresegna lyder som følger:

«Når det finnes påkrevet for å forebygge at produkt​ medfører virkning som nevnt i § 1, kan Kongen​ treffe vedtak om:

a) produksjon, innførsel, omsetning, merking, bruk og annen behandling av produkt,

b) retur- og panteordninger, gjenvinning og avfallsbehandling m.v. av produkt,

c) hvordan produkt skal være innrettet eller sammensatt, og maksimalgrenser for støy og utslipp av forurensende stoffer fra produkt, at produkt ikke kan produseres, innføres eller omsettes uten godkjenning,

d) forbud mot produksjon, innførsel, omsetning og bruk av produkt.»

Det følger av § 4 tredje ledd at «[v]edtak i medhold av første og annet ledd skal i alminnelighet treffes ved forskrift», og at «[d]et kan fastsettes at de bare skal gjelde for visse geografiske områder». I formuleringa «i alminnelighet» ligg at vedtak primært skal ha form av forskrift, men at også enkeltvedtak kan nyttast, jf. Ot.prp. nr. 51 (1974–75) side 91.

Den aktuelle «virkning» i denne saka er «miljøforstyrrelse, bl.a. i form av forstyrrelse av økosystemer, forurensning, avfall, støy og lignende», jf. § 1 bokstav b. Føremålet med omsetningskrava er som nemnt å redusere utslepp av klimagassar frå vegtransport i Noreg.

Vi nemner for ordens skuld at produktkontrollova etter § 1 bokstav a også har til føremål å «forebygge at produkter og forbrukertjenestermedfører helseskade», og at «helseskade» også er en «virkning» som er relevant ved klarlegging av kompetansen etter § 4, enten aleine eller saman med «miljøforstyrring». Når vi seinare nyttar formuleringar om at det «berre» er miljøomsyn som er relevante, er meininga kun å avgrense mot anna enn miljøforstyrring og helseskade.

Formuleringane i § 4 fyrste ledd om kva ein kan treffe vedtak om, er vide. Føresegna om sikringskvalitet fell innunder ordlyden i alternativet i § 4 fyrste ledd bokstav a; det dreier seg om eit «vedtak om … omsetning … av produkt».

Utsegner i førearbeida tyder på at det har vore meininga at lova skal gi forvaltninga vide rammer for kva den kan bestemme. I Ot.prp. nr. 51 (1974–75) på side 42 grunngir departementet generelt kvifor lova, til tross for «visse betenkeligheter», «vanskelig kan gjennomføres utan å gi Kongen en forholdsvis vid fullmakt». Synspunktet har betydning for fleire av dei tolkingsspørsmåla vi tek opp nedanfor.

Dessutan blir følgande uttalt særskilt om alternativet i § 4 fyrste ledd bokstav a (side 43):

«Departementet tenker her på bestemmelser om hvordan ulike produkter skal håndteres og behandles rent praktisk/teknisk, bestemmelser om f. eks. at produktet bare kan omsettes av eller til visse personer, innføres i visse mengder osv. Det vil i det hele være et mangeartet behov for bestemmelser her.»

Etter vårt syn ligg ei føresegn av det slaget KLD vurderer innafor det ein etter § 4 fyrste ledd bokstav a kan treffe vedtak om. Det avgjerande blir dermed om vilkåra elles for å utøve kompetansen i § 4 fyrste ledd er oppfylte. Det er følgjande formulering i innleiingsorda i § 4, saman med tilvisinga til § 1 bokstav b, som må vurderast nærare: «Når det finnes påkrevet for å forebygge at produkt medfører [miljøforstyrrelse], kan Kongen treffe vedtak om …».

Ved vurderinga er det etter vårt syn viktig å sjå føresegna om sikringskvalitet i samanheng med omsetningskrava i produktforskrifta § 3-3. Det særeigne med den samla reguleringa er at ho har ei kjerne, omsetningskrava, som klart nok skal ivareta miljøomsyn, og eit tillegg, føresegna om sikringskvalitet, som har til føremål å avhjelpe visse ulemper som følger direkte av dei skjerpa omsetningskrava.

Det kan oppstå spørsmål i fleire retningar om korleis formuleringa i innleiinga til § 4 skal tolkast. Vi avgrensar oss til å sjå på tilfelle der det er spørsmål om å vedta føresegner som skal avhjelpe visse ulemper som følger av dei føresegnene som skal fremme miljøformål, utan at avhjelpsføresegnene i seg sjølv fremmer miljøformål (eller der dette i det minste er ein usikker eller avleia verknad av føresegnene).

Ordlyden i § 4 er vid nok til å dekke eit slikt tilfelle: Drivstoff er utvilsamt noko som kan medføre «miljøforstyrrelse», og når Kongen finner det «påkrevet» å gripe inn, utløyser det kompetanse til å «treffe vedtak» – primært i form av forskrift – «om … omsetning … av» drivstoff.

Det er utvilsamt heimel i § 4 for omsetningskrava, men spørsmålet her er altså om det også er heimel for avhjelpstiltaket som ligg i sikringskvalitetsføresegna.

At forvaltinga har kompetanse til å gi forskrift om omsetning av drivstoff, og at den ønsker å skjerpe omsetningskrava, inneber naturlig nok ikkje at forvaltninga då kan gi forskrift om kva som helst som dreier seg om «omsetning … av» bensin. Det følger av alminnelige lovtolkingsprinsipp at kompetansen til å treffe vedtak blir avgrensa av formåla som heimelsføresegna bygger på. Det gjeld både spørsmålet om lova i det heile gir heimel for å treffe vedtak, og i tilfelle kva vedtaket kan gå ut på. Dette vil føre til at lovføresegner som legg kompetanse til forvaltninga, ofte må tolkast innskrenkande.

Spørsmålet er korleis kompetansen i denne saka skal avgrensast. Avgrensinga må skje ut frå det konkrete, samla rettskildebildet. Rettspraksis gir her lita rettleiing på det generelle planet (sjå likevel nedanfor om Rt. 1997 side 1210).

Utsegner i førearbeida tyder som nemnt på at det har vore meininga at produktkontrollova i utgangspunktet er meint å gi forvaltninga vide rammer for kva den kan bestemme.

På bakgrunn av den klare ordlyden i innleiinga til produktkontrollova § 4, saman med tilvisinga til § 1, og dei tilhøyrande førearbeida (sjå nedanfor) synest det klart at det berre er miljøomsyn (og tilsvarande helseomsyn) som kan utløyse vedtakskompetansen.

Dersom vedtakskompetansen fyrst er utløyst, er det likevel neppe slik at kompetansen er avgrensa til berre å gjelde vedtaking av føresegner som direkte fremmer miljøomsyn. Det at det berre er visse omsyn som kan utløyse kompetansen, inneber altså neppe at forvaltninga er avskoren frå å vedta føresegner som ikkje i seg sjølv fremmer omsyna. På dette punktet kan høgsterettsdommen i Rt. 1997 side 1210 (faglagsdommen) gi ei viss rettleiing. Spørsmålet i saka var om Norges Råfisklag hadde heimel i den dågjeldande råfisklova 14. desember 1951 nr. 3 § 3 tredje ledd til å overføre ein del av innkravd avgift til Norges Fiskarlag, som var den heilt dominerande av dei to eigarane av råfisklaget. Om den dågjeldande heimelsføresegna i råfisklova og forløparen til denne føresegna uttalte Høgsterett på side 1214 (vår kursivering):

«Bestemmelsene angir etter sin ordlyd ingen uttrykkelig begrensning med hensyn til hvilke formål avgift kan pålegges til fordel for. Men den myndighet Råfisklaget er gitt i medhold av loven er at det skal ha eneretten på førstehåndsomsetningen av råfisk. Det er finansiering til fremme av den virksomhet som drives på enerettsområdet, som er begrunnelsen for avgiften. Dette formål må etter alminnelige lovtolkningsprinsipper også sette grenser for hva innkommet avgift kan brukes til. Dette vil således innebære en viss innskrenkende tolking i forhold til lovens ordlyd. Jeg peker i denne sammenheng på at når spørsmål om Råfisklagets hjemmelsgrunnlag har stått for domstolene i andre sammenhenger, har Høyesterett understreket at det er på enerettsområdet at Råfisklaget har sin lovbestemte kompetanse. … Bruken av midlene må gå til virksomhet som enten direkte knytter seg til førstehåndsomsetningen av fisk, eller som står i rimelig nær sammenheng med fremme av dette formålet

Så langt det er spørsmål om å vedta føresegner etter produktkontrollova som skal avhjelpe uheldige verknadar av føresegner som blir vedtatt til fremme av miljøformål, utan at avhjelpsføresegnene i seg sjølv fremmer miljøformål, har synspunktet i faglagsdommen overføringsverdi, likevel slik at det ut frå rettskildebildet elles er grunn til å trekke relativt snevre rammer om kompetansen: Slike avhjelpsføresegner må kunne bli vedtatt dersom dei står i nær samanheng med fremme av miljøformålet. Slik saka er presentert for oss, synest eit slikt krav om nær samanheng å vere oppfylt. Det er rett nok slik at føresegna om sikringskvalitet direkte skal ivareta heilt andre omsyn enn miljøomsyn, og at ho heller ikkje er nødvendig for at omsetningskrava skal ha ein miljøskadeførebyggande effekt. Føremålet med føresegna om sikringskvalitet er likevel å avhjelpe ulemper som følgjer direkte av omsetningskrava, slik at ho dermed står i ein nær samanheng med fremme av miljøomsyn. At omsetningskrava er retta mot dei som fell inn under definisjonen av «omsetter» i produktkontrollforskrifta § 3-3, medan føresegna om sikringskvalitet skal vareta einskilde bileigarar, kan neppe ha noko særleg å seie.

Visse utsegner i førearbeida kan ved fyrste augekast sjå ut til å stå i eit spenningsforhold til tilnærminga ovanfor. Vi viser her til Ot.prp. nr. 51 (1974–75) side 89–90 (vår kursivering):

«Lovens formål er å forebygge at produkter medfører helseskade eller miljøforstyrrelse. Det følger av dette formålet at det ikke kan treffes vedtak i medhold av § 4 som er begrun-[…]net i andre hensyn. Det kan heller ikke treffes mer vidtgående tiltak enn det som er påkrevet. Dersom et produkt ikke medfører virkning som nevnt i § 1, kan det ikke nedlegges forbud mot omsetning fordi produktet f. eks. er unyttig eller at handelspolitiske grunner taler for et forbud. Likeledes må det være klart at om man f. eks. kan nå lovens formål ved å påby at produktet skal merkes med en advarsel, kan man ikke totalforby produktet. Det vil være produktets helseskadelige virkninger og eventuelle miljøforstyrrelser som bestemmer hvorvidt, og i tilfelle hvilke vedtak som kan treffes med hjemmel i § 4.

I de fleste tilfeller vil det være argumenter både for og imot et vedtak i medhold av § 4. Departementet vil imidlertid understreke at det er de helsemessige og miljømessige hensyn slik disse er uttrykt i lovens § 1 som er bestemmende for om det kan treffes vedtak, og hvilket vedtak som kan treffes. Andre hensyn vil bare ha betydning for om Kongen bør bruke den myndighet § 4 gir.»

Som nemnt synest det ut frå ordlyden i § 4 klart at det bare er miljøomsyn (og eventuelt helseomsyn) som kan utløyse vedtakskompetansen. Dei siterte førearbeida understrekar nettopp dette poenget. Det kan vidare hevdast at førearbeida her skal forståast slik at den typen avhjelpstiltak som vi drøfter, skal vere avskorne, ut frå ein tanke om at slike tilfelle fell innunder formuleringa om at det må være miljøomsyn aleine (eventuelt saman med helseomsyn) som bestemmer både «hvorvidt, og i tilfelle hvilke vedtak som kan treffes med hjemmel i § 4». Etter vårt syn er det ikkje rimeleg å forstå førearbeida på dette punktet slik at dei er meint å ramme slike tilfelle, det vil seie føresegner som skal avhjelpe uheldige verknadar av dei føresegnene som skal fremme miljøformål, utan at avhjelpsføresegnene i seg sjølv fremmer miljøformål. Særleg dømet knytt til handelspolitiske grunnar tyder på at ein helst har tenkt på tiltak som i utgangspunktet er forankra i andre omsyn enn miljø.

Det kunne vidare hevdast at tausheita i førearbeida om den særlege problemstillinga vi drøftar må takast til inntekt for at det ikkje kan ha vore meininga at heimelen i produktkontrollova omfattar slike tilfelle, og at dette må bli avgjerande for rekkevidda av heimelen. Det er etter vårt syn å legge for mykje i førearbeida på dette punktet. Andre utsegner trekk i retning av ei vidare forståing av heimelen.

Om bruken av § 4 uttalar departementet mellom anna at «[h]vilke inngrep som eventuelt bør settes i verk må […] nødvendigvis bero på en ganske bred vurdering», og at «[a]bsolutte kriterier i loven vil kunne avskjære muligheten for en smidig praktisering og vil kunne føre til resultater som ut fra en helhetsvurdering ikke er ønskelig», sjå Ot.prp. nr. 51 (1974–75) side 46. Dette signalet om fleksibilitet må etter vårt syn tillegjast vekt også ved vurderinga av om lova opnar for slike avhjelsptiltak som vi drøftar her.

Dersom heimelsføresegna i produktkontrollova skulle stenge heilt for føresegner som ikkje i seg sjølv fremmer det formålet føresegna bygger på, ville det innebere ei monaleg avgrensing av Kongens kompetanse etter føresegna. Eit slikt krav ville kunne føre til at viktige miljøtiltak – og dermed realiseringa av føremålet med lova – lid fordi ein ikkje samtidig har moglegheit til å vedta det som er nødvendig for å få eit godt regelverk som heilskap. Nettopp føresegner som skal avhjelpe ulemper ved tiltaket, kan vere avgjerande for å få tiltaket gjennom, for å legge til rette for at tiltaket blir respektert i praksis eller for på anna måte å sikre effekten av tiltaket. Det kan til dømes vere tale om overgangsførsegner for visse grupper som vil råkast hardare enn andre av nye miljøtiltak. Kommunal- og forvaltningskomiteen var under førebuinga av produktkontrollova oppteken av rimelege overgangsfristar, sjå Innst. O. nr. 80 (1975–76) side 12. Føresegna om sikringskvalitet har eit visst preg av overgangsføresegn. Ei avgrensing av Kongens kompetanse som stengde heilt for føresegner som ikkje i seg sjølv fremmer miljøformål, ville neppe ha vore heldig, og ho ville dermed også ha stått i eit spenningsforhold til det nemnde formålet om at fullmakta i § 4 skal gi rom for «smidig praktisering».

Det må til slutt spørjast om omsynet til bensinstasjonseigarane på avgjerande vis talar imot den løysinga som no er skissert. Som nemnt må tolkingstvil – i dette høvet knytt til rekkevidda av fullmakta i produktkontrollova § 4 første ledd bokstav a – løysast på bakgrunn av «hva som er best i samsvar med samtlige rettskildefaktorer og som sikrer tilstrekkelig klarhet og forutsigbarhet for borgerne», og at «[d]e kvalitative krav til lovhjemmelen innebærer at loven må være tilgjengelig og så presis som forholdene tillater», jf. Høgsterett sin dom HR-2018-1907-A avsnitt 51 med tilvisingar.

Arten av tiltaket (føresegna om sikringskvalitet) ligg trygt innafor alternativet «vedtak om … omsetning … av produkt» i § 4 første ledd bokstav a. Vi viser også til at reguleringa her gjeld for kommersielle aktørar som på sitt felt generelt må vere førebudde på reguleringar knytt til mellom anna helse, miljø og sikkerheit som ein følgje av dei produkta dei sel. Som nemnt tidlegare kan det tenkast at føresegna kan bli nokså tyngande for enkelte aktørar, men det er sentralt at ingen vert direkte pålagt å selje fleire typar bensin enn i dag.

Grunnlaget for føresegna om sikringskvalitet er ikkje mindre klart enn grunnlaget i ei rekke andre tilfelle der forvaltninga gir forskrifter eller treffer enkeltvedtak i medhald av fullmaktslovgjeving.

Etter dette konkluderer vi, under noko tvil, med at det er heimel i produktkontrollova § 4 fyrste ledd bokstav a, jf. § 1 bokstav b for å vedta ei føresegn om sikringskvalitet.