§ 21 - Tolkingsspørsmål - inkassoloven/tvangsfullbyrdingslova
Se også tvangsfullbyrdelsesloven § 4-18
Tolkningsuttalelse | Dato: 12.02.2009 | Justis- og beredskapsdepartementet
Opprinnelig utgitt av: Justis- og politidepartementet
Tolkningsuttalelse fra lovavdelingen
Mottaker:
Kredittilsynet
Deres referanse:
08/14021
Vår referanse:
200900565 EP TFJ
Tolkingsspørsmål – inkassoloven/tvangsfullbyrdingslova
Vi viser til Kredittilsynets brev 22. januar 2009 med spørsmål om ein inkassator kan krevje at skyldnaren dekkjer kostnadene ved å skrive eit varsel etter lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse §§ 4-18 eller 4-19 i tillegg til maksimalsatsane i forskrift 14. juli 1989 nr. 562 til inkassoloven m.m. (inkassoforskriften) kapittel 2.
Det må først takast stilling til kva slags kostnadsreglar som gjeld for varsel etter tvangsfullbyrdingslova §§ 4-18 og 4-19. Det eine alternativet er sakskostnadsreglane i tvangsfullbyrdingslova kapittel 3. Det andre er reglane om ansvar for inndrivingskostnader i lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (inkassoloven) kapittel VI og inkassoforskriften kapittel 1 og 2.
Tvangsfullbyrdingslova § 3-1 har reglar om det allmenne sakskostnadsansvaret til den saksøkte ved tvangsfullbyrding. Etter § 3-1 første ledd første punktum gjeld reglane berre for sakskostnader ”i en sak om tvangsfullbyrdelse”. Eit varsel etter tvangsfullbyrdingslova §§ 4-18 eller 4-19 er eit varsel om at tvangsfullbyrding vil bli kravd. Ordlyden i § 3-1 første ledd første punktum taler for at det ikkje ligg føre ei sak om tvangsfullbyrding før saksøkjaren har kravd tvangsfullbyrding. Ei slik tolking har støtte i inkassolova § 21 og forarbeida til den føresegna. Ifølgje inkassolova § 21 gjeld sakskostnadsreglane i rettargangslovgivinga for kostnader ved ”rettslig inndriving”. Skiljet mellom rettsleg og utanrettsleg inndriving er presisert i Ot. prp. nr. 2 (1987–88) Om lov om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav (Inkassoloven) s. 124 høgre spalte:
”Skjæringstidspunktet for hva som kan anses som sakskostnader ved rettslig inndriving, vil normalt gå ved forberedelsen av den begjæringen som bringer saken inn for rettsapparatet, f eks f o m kostnadene ved utferdigelse av forliksklage. Kostnader som har påløpt i tilknytning til tiltak som har tatt sikte på å oppnå betaling fra skyldneren uten rettsapparatets bistand, blir ikke å anse som sakskostnader. Det er imidlertid opp til retten eller namsmannen å ta stilling til hva som kan godkjennes som sakskostnad, og hva som må ses som kostnad ved utenrettslig inndriving.”
Eit varsel om at tvangsfullbyrding vil bli kravd synest etter dette å falle utanfor omgrepet ”rettslig inndriving” i inkassoloven § 21.
Vi vil vidare peike på at eit varsel etter tvangsfullbyrdingslova §§ 4-18 eller 4-19 kan kombinerast med ei betalingsoppfordring etter inkassolova § 10, jf. Ot. prp. nr. 2 (1987–88) s. 116 venstre spalte. Dette tyder på at lovgivaren reknar denne typen varsel som eit utanrettsleg inndrivingstiltak, dvs. at ein ikkje står overfor ei sak om tvangsfullbyrding etter tvangsfullbyrdingslova § 3-1 første ledd første punktum.
Lovavdelinga legg etter dette til grunn at varsel etter tvangsfullbyrdingslova §§ 4-18 og 4-19 er omfatta av reglane om inndrivingskostnader i inkassolova og inkassoforskrifta. Utgangspunktet er dermed at kravshavaren ikkje kan krevje skyldnaren for skriving av varselet utover maksimalsatsane i inkassoforskrifta § 2-4. Om kravshavaren kan krevje dekning for faktiske kostnader etter inkassoforskrifta § 2-5, må vurderast konkret, men terskelen er høg.
Kredittilsynet skriv til slutt i sitt brev at kostnadene ved skriving av varsel etter tvangsfullbyrdingslova §§ 4-18 og 4-19 skal vurderast etter sakskostnadsreglane i tvangsfullbyrdingslova kapittel 3 dersom saka blir brakt inn for namsstyresmaktene. Som det går fram av drøftinga ovanfor, deler vi ikkje denne forståinga. Kostnader ved utanrettslege inndrivingstiltak må vurderast etter dei kostnadsreglane som gjeld for slik inndriving, sjølv om inndrivinga på eit seinare tidspunkt går inn i ein rettsleg fase.