§ 20-5 Departementet svarer på spørsmål om oppføring av forstøttingsmur og terrendendring er søknadspliktig når tiltaka blir oppførde samtidig med pågåande byggjesak

Vi viser til e-post av 27. juli 2021 med spørsmål om plan- og bygningslova § 20-5 bokstav e og byggjesaksforskrifta § 4-1 fyrste ledd bokstav f nr. 6 og 7 gjeld dersom eit tiltak allereie er godkjent og under oppføring.

Departementet tek ikkje stilling til konkrete saker, og svarer generelt på spørsmålet.

Plan- og bygningslova (pbl.) § 20-5 fyrste ledd og byggjesaksforskrifta (SAK10) § 4-1 fyrste ledd listar opp tiltak som ikkje krev søknad og løyve etter pbl. § 20-2. Sjølv om tiltaka isolert sett er unnateke søknadsplikt, er det likevel nødvendig å søkje om løyve til tiltaket dersom det er ein del av eit større prosjekt som er søkt om. Dette går fram av forarbeida til plan- og bygningslova i Ot.prp. nr. 45 (2007-2008) side 83 (omtalen gjeld tidlegare regelverk, men rettstilstanden er ikkje endra):

"Ved å sammenholde § 95a nr. 1 og 2 følger det at tiltak som krever særskilt tillatelse etter plan- og bygningsloven, ikke kan påbegynnes før igangsettingstillatelse foreligger. Mindre tiltak som isolert sett er unntatt fra søknadsplikt, jf. saksbehandlingsforskriften (SAK) § 5, vil heller ikke være unntatt dersom de er en del av et sammenhengende, søknadspliktig arbeid."

Kommunen som lokal bygningsmakt må i det enkelte tilfellet vurdere om eit tiltak, som i utgangspunktet er unnateke søknadsplikt, er ein del av eit større prosjekt som er søkt om, og derfor blir søknadspliktig. Dersom bygget har fått ferdigattest, kan tiltak som er unnateke søknadsplikt likevel bli oppført utan å søkje.

Ei endring av det opphavlege tiltaket det er gitt byggjeløyve til, kan innebere behov for endringssøknad.[1] Søknad om endring må vere direkte knytt til byggjeløyvet som er gitt. Ein typisk endringssøknad kan for eksempel gjelde søknadspliktige fasadeendringar, terrengendringar, endring av romfordeling eller andre endringar som knyter seg til det godkjente tiltaket. Dersom ein såkalla endringssøknad inneber store, omfattande endringar av det godkjente tiltaket, for eksempel vesentleg ombygging eller andre forandringar som i stor grad endrar tiltaket sin karakter, vil det vere nærliggjande å vurdere søknaden som ein heilt ny søknad. Det same gjeld dersom det blir søkt om endringar etter at det er gitt bruksløyve/ferdigattest. Det er opp til kommunen å avgjere om ein motteken søknad skal vurderast som ei endring eller ein ny søknad. Ein kan ikkje klage på kommunen si avgjerd om søknadstype.

 

 

[1] Se Prop. 110 L (2016-2017) s. 39-41