Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007: 2,5 milliardar meir til veg og bane - Soria Moria vert innfridd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 23,6 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2007. – No leverer regjeringa det vi har lova, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Pressemelding

Nr.: 81/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

2,5 milliardar meir til veg og bane - Soria Moria vert innfridd

Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 23,6 milliardar kroner til samferdselsføremål over statsbudsjettet for 2007. Dette er ein auke på om lag 2,1 milliardar kroner eller 9,7 prosent i 2007 og 2,5 milliardar meir enn forslaget til statsbudsjett for 2006 frå den førre regjeringa.

- No leverer regjeringa det vi har lova. Budsjettframlegget gir eit kraftig løft for løyvingane til både veg og jernbane, i samsvar med Soria Moria-erklæringa og Nasjonal transportplan, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til vegføremål er det sett av i alt vel 14,8 milliarder, ein auke på nær 1,2 milliardar kroner frå 2006.

Forslaget til løyvingar til jernbaneføremål er på 7,1 milliardar kroner, ein auke på nær 945 millionar kroner, samanlikna med 2006.

Elles er til saman nær 1,7 milliardar kroner fordelt til mellom anna forsking og utvikling, luftfartsføremål, særskilte transporttiltak, posttenester og telekommunikasjon.

- Innanfor denne sterke budsjettveksten har regjeringa prioritert vedlikehalds- og utbyggingstiltak som fører til tryggare, meir effektiv og miljøvennleg transport i heile landet. Regjeringa har lagt særleg vekt på tiltak som aukar framkomelegheita i tettbygde strok, reduserer avstandskostnader og betrar transportilbodet for folk og næringsliv i distrikta. Det er mellom anna foreslått ein auke i midlane til rassikring på vegnettet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

- Budsjettforslaget for både Statens vegvesen og Jernbaneverket svarer til eitt års oppfølging av vedtak i Stortinget ved handsaminga av Nasjonal transportplan 2006-2015. For å snu den uønskte utviklinga med aukande etterslep i vedlikehaldet er det for neste år sett av meir midlar til vedlikehald på både veg- og jernbanenettet, enn det som er lagt til grunn i vedtak i Stortinget om Nasjonal transportplan.

- Forslaget for Jernbaneverket er eit historisk løft for jernbaneinfrastrukturen. Forslaget til vegbudsjett er også eit monaleg løft av innsatsen. Med budsjettforslaget for veg og jernbane har regjeringa for 2007 innfridd løftet om å auke løyvingane til veg- og jernbaneinfrastruktur i samsvar med vedtak i Stortinget om Nasjonal transportplan. Det er første gong noka regjering innfrir NTP-nivået for veg og jernbane i eit årsbudsjett etter at ordninga med NTP vart innført, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Vegføremål: 14,85 milliardar kroner
Regjeringa foreslår for neste år ei samla løyving på 14,85 milliardar kroner over statsbudsjettet til vegføremål, medrekna statleg kjøp av riksvegferjetenester. Dette er 1,19 milliardar kroner eller 8,7 prosent meir enn for 2006.

Av den foreslåtte løyvinga til vegføremål er 6,77 milliardar kroner sett av til tilsyn, drift og vedlikehald av riksvegnettet. Dette er ein auke på 681,2 millionar kroner eller 11,2 prosent frå 2006.

Denne vesentlege auken går i hovudsak til å styrkje vegvedlikehaldet, særleg asfaltlegging og tiltak som gjer vegkroppen sterkare. For 2007 er det lagt til grunn at 800 millionar kroner skal nyttast til asfaltlegging. Dette er ein auke på om lag 200 millionar kroner, samanlikna med 2006.

- Etter fleire år med redusert standard for vegdekket vil dette budsjettforslaget føre til at den negative utviklinga no blir snudd, slik at det i 2007 vil vere mogeleg å kome i gang med å ta igjen etterslepet som gjeld vegdekket på riksvegane, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I alt 6,27 milliardar kroner er foreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, medrekna midlar til rassikring og midlar til utbygging av E18 Bjørvikatunnelen i Oslo. Dette er 322 millionar kroner kroner eller 5,4 prosent meir enn for 2006.

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem 4,8 milliardar kroner som bompengeselskapa vil stille til rådvelde neste år for å finansiere delar av utbygginga av riksvegnettet, medrekna 870 millionar kroner til investeringstiltak for kollektivtrafikk.

Neste år er det planlagt anleggsstart for følgjande større riksvegprosjekt:

  • Riksveg 108 Ny Kråkerøyforbindelse, Fredrikstad, Østfold
  • Riksveg 255 Jørstad – Segalstad bru, Lillehammer og Gausdal, Oppland
  • Riksveg 306 Kirkebakken – Re grense, Horten, Vestfold
  • Riksveg 38 Eklund – Sannidal, Kragerø, Telemark
  • Riksveg 7 Hardangerbrua, Ulvik og Ullensvang, Hordaland
  • Riksveg 17 Tverrlandet – Godøystraumen, Bodø, Nordland

På riksveg 5 langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova – Stølsneset) i Jølster i Sogn og Fjordane blir det sett i gang arbeid med eit større prosjekt som gir ein vesentleg rassikringsgevinst.

I tilegg blir det anleggstart for ei rekkje mindre prosjekt på riksvegnettet.

Av dei samla løyvingane til veginvesteringar er 321millionar kroner sett av på ein eigen budsjettpost for rassikring. Desse midlane vil, saman med bompengemidlar og bruk av ordinære investeringsmidlar, føre til at det i 2007 vil bli nytta i alt 560 millionar kroner til vegutbygging som gir rassikringsgevinst.

Regjeringa gjer framlegg om til saman 500 millionar kroner til særskilte tiltak for trafikksikring på vegnettet. Av dette er 460 millionar kroner statlege midlar. I tillegg til desse særskilte tiltaka kjem den auka tryggleiken ein får ved bygging av nye vegar, gang- og sykkelvegar, rassikring, kontroll og tilsyn.

Til bygging av gang- og sykkelvegar langs eksisterande veg er det lagt til grunn at det i 2007 skal brukast til saman 310 millionar kroner, medrekna 70 millionar kroner i bompengar. I tillegg kjem utbygging av gang- og sykkelvegar som del av nyanlegg på vegnettet og som dermed blir finansiert ved hjelp av ordinære riksvegløyvingar og i somme tilfelle også ved hjelp av bompengar.

For 2007 er det lagt opp til at det ved hjelp av tilgjengelege ”vegmidlar” skal brukast i alt 1 040 millionar kroner til særskilte tiltak for kollektivtrafikken. Av dette er 870 millionar kroner bompengemidlar, medan 170 millionar kroner er statlege midlar som inngår i løyvingane til riksveginvesteringar. Bygging av Bybanen i Bergen og opprusting av Kolsåsbanen i Oslo, er dei største prosjekta. Om lag 200 millionar kroner er sett av til arbeid for å få større fart og betre flyt i trafikken for bussar og trikkar, særleg i Oslo og Stavanger. I tillegg har ein prioritert arbeid med å gjere kolletivtransporten meir tilgjengleg for alle.

Innanfor framleggget til veginvesteringar er det sett av 100 millionar kroner til ”Nasjonale turistvegar” for å dekkje den statlege satsinga på desse prosjekta. Dette er ein auke på 50 millionar kroner, samanlikna med 2006.

Til statleg kjøp av riksvegferjetenester er det sett av nær 1,46 milliardar kroner. For riksvegferjene legg Samferdselsdepartementet til grunn ein takstauke på 3,8 prosent frå 1. januar neste år.

Jernbaneføremål: 7,1 milliardar kroner- investeringar aukar med 15,3 prosent
For 2007 er det gjort framlegg om å løyve i alt 7,1 milliardar kroner til jernbaneføremål. Dette er ein auke på 15,3 prosent. Auken har samanheng med at regjeringa ønskjer ei kraftig opptrapping av løyvingane til utbygging, drift og vedlikehald av jernbanenettet.

I alt 5,47 milliardar kroner av løyvinga til jernbaneføremål går til Jernbaneverket og skal nyttast til drift, vedlikehald og investeringar på linenettet. Dette er 20,3 prosent høgare enn det som er løyvd for 2006.

Til drift og vedlikehald av jernbanenettet, medrekna Gardermobanen, er det sett av til saman 3,25 milliardar kroner, ein auke på 234 millionar kroner eller nær 8 prosent. Innanfor denne løyvinga er det til vedlikehald åleine sett av 1 342 millionar kroner, noko som er ein auke på om lag 15 prosent frå 2006. Den auka innsatsen på vedlikehald er viktig for sikker og stabil avvikling av togtrafikken.

Regjeringa foreslår 2,22 milliardar kroner til investeringar i linenettet. Dette er ein auke på nær 743 millionar kroner eller 50,3 prosent frå 2006. Forslaget inneber eit historisk høgt nivå for satsing på infrastrukturen til jernbanen.

Innanfor løyvingane til investeringar er det sett av midlar for å sikre rasjonell framdrift for prosjekt som alt er komne i gang eller som skal starte i 2007. Midlane skal mellom anna nyttast på dei to viktige prosjekta Lysaker - Sandvika og Lysaker stasjon, på Drammenbanen. Det er og sett av midlar til utbygging av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. Budsjettframlegget omfattar ellers midlar til utbygging av fjernstyring og automatisk togkontroll på Nordlandsbanen. Det er dessutan sett av midlar til utbygging av togradiosystemet GSM-R og til tiltak for å auke kapasiteten i linenettet, med hovudvekt på bygging av kryssingsspor.

Om lag 450 millioner kroner er sett av til tiltak og prosjekt med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfatter mellom anna midlar til Ganddal godsterminal i Rogaland og ombygging av Alnabru godstermimnal i Oslo. Forslaget frå regjeringa om fritak for el-avgift for transport på bane vil dessutan få mykje å seie for godstrafikken med jernbane, som får reduserte kostnader som svarer til om lag 17 millionar kroner på årsbasis.

Regjeringa foreslår ellers midlar til ombygging av Ski stasjon, og dobbeltspor Bergen stasjon - Fløen.

Det er foreslått 81,6 millionar kroner til kjøp av grunn og planlegging av nye investeringsprosjekt på jernbanen. Planlegging av utbygging av nytt dobbeltspor Kolbotn - Ski og dobbeltsporparsellar på Vestfoldbanen, mellom anna innkorting av Vestfoldbanen mellom Farriseidet og Porsgrunn (Eidangertunnelen) er nokre av prosjekta det er avsett midlar til.

Til drift av Statens jernbanetilsyn er det sett av 34,8 millionar kroner.

Løyvingane til jernbaneføremål omfattar òg nær 1,6 milliardar kroner til statleg kjøp av persontransporttenester med tog.

Luftfart: 678,8 millionar kroner
Samla budsjettforslag for statlege utgifter til luftfartsføremål i 2007 er på 678,8 millionar kroner. Dette er ein nedgang på 2,8 prosent frå 2006. Nedgangen har mellom anna samanheng med lågare budsjett for Luftfartstilsynet fordi flyttinga av tilsynet til Bodø i hovudsak er fullført i 2006.

For 2007 er det foreslått 475,9 millionar kroner til statleg kjøp av innanlandske flyrutetenester som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame. Løyvingane skal bidra til å få eit langsiktig samfunnsøkonomisk effektivt og likeverdig flyrutetilbod til nytte for folk og næringsliv i heile landet.

Det er ikkje foreslått statleg tilskott til Avinor sine regionale flyplassar i 2007. Dette har samanheng med at Avinor no har ei god økonomisk utvikling, noko som gjer det mogeleg å overføre midlar fra dei bedriftsøkonomisk lønsame lufthamnene til lufthamner som ikkje er bedriftsøkonomisk lønsame.

Regjeringa gjer framlegg om 17,2 millionar kroner i tilkott til ikkje-statlege flyplassar. Dette gjeld tilskott til flygeinformasjonstenesta ("AFIS-tilskott") ved ikkje-statlege flyplassar med rutetrafikk.

Til Luftfartstilsynet er det gjort framlegg om å løyve 148,4 millionar kroner.

Regjeringa gjer framlegg om å løyve 37,3 millionar kroner til Statens havarikommisjon for transport. Dette er ein auke på 15,5 prosent frå 2006. Ansvarsområdet til kommisjonen skal frå 1. juli 2008 utvidast til også å omfatte sjøtransport. Kommisjonen får dermed ansvar for å undersøke ulykker og hendingar innan sivil luftfart, jernbane-, veg- og sjøtransport i Noreg.

Tiltak for kollektivtransport: 10,5 milliardar kroner
Til tiltak som har verknad for kollektivtransporten skal det for 2007 nyttast i alt 10,5 milliardar kroner, medrekna 870 millionar kroner i bompengar. Samanlikna med 2006 er dette ein auke på 15 prosent.

Midlane omfattar mellom anna statleg kjøp av persontransporttenester med tog, løyvingar til utbygging drift og vedlikehald av jernbanenettet, kollektivtiltak finansert over vegbudsjettet eller ved hjelp av bompengar, kjøp av riksvegferjetenester, kjøp av sjøtransporttenester Bergen - Kirkenes (i tråd med avtale om statleg kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes) og statleg kjøp av flyrutetjenester.

I beløpet på 10,5 milliardar kroner inngår elles ei løyving på 107,2 millionar kroner til ”Belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda”. Kollektivsatsinga omfattar dessuten eit tilskott på 50 millionar kroner

til kommunar og fylkeskommunar for å sikre raskare framdrift og betre samordning av arbeidet med å gjere kollektivtransporten meir tilgjengeleg for alle grupper av reisande (BRA-programmet).

I tillegg til desse statlege midlane og bompengemidlane kjem fylkeskommunale midlar til lokal kollektivtransport, medrekna løyvingar til skule- og studentrabatt i lokal kollektivtransport.

Post og telekommunikasjon
For post og telekommunikasjon er det gjort framlegg om i alt 226,6 millionar kroner i statlege løyvingar for 2007. Heile beløpet gjeld Post- og teletilsynet.

Regjeringa ønskjer å sikre husstandar og bedrifter i Norge tilgang til grunnleggjande post- og teletenester av høg kvalitet og til rimelige prisar. Det omfattar mellom anna omdeling av post seks gonger i veka og einskapssporto.

Forsking og utvikling i samferdselssektoren: I alt 174,5 millionar kroner – satsing på miljøvennleg transport
Regjeringa foreslår at det over budsjett til Samferdselsdepartementet for 2007 skal løyvast i alt 174,5 millionar kroner til forsking, utgreiing, utvikling og forsøk, med hovudvekt på midlar til forskningsprogram og -prosjekt innanfor dei to sektorane transport og telekommunikasjon.

Av midlane til transportforsking er 23,1 millionar kroner sett av til forskingsprogram som omfattar bruk og utvikling av miljøvennleg teknologi og alternative drivstoff, mellom anna hydrogen og biodrivstoff.

Til redaksjonen
Fleire spesialpressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett