Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2007:

100 millionar kroner til "Nasjonale turistvegar"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 88/06
Dato: 06.10.06

Statsbudsjettet 2007:

100 millionar kroner til "Nasjonale turistvegar"

Regjeringa styrkjer satsinga på "Nasjonale turistvegar" og doblar løyvinga, samanlikna med 2006. Innanfor forslaget til riksveginvesteringar er det for 2007 sett av 100 millionar kroner for å dekkje den statlege delen av utgiftene til prosjektet.

- Prosjektet Nasjonale turistvegar er eit godt døme på korleis vegar, turisme og næringsverksemd i distrikta heng saman. Satsinga på natur, kultur og arkitektur gjer prosjektet eineståande. Prosjektet syner oss kor gode resultat ein kan få når fleire trekkjer i lag. Vi må halde fram med slikt arbeid med auka kraft, og eg oppmodar lokale styresmakter og næringsliv til å ta eit felles tak, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Nasjonale turistvegar er eit landsdekkjande prosjekt som Statens vegvesen har fått ansvaret for å gjennomføre. Satsinga omfattar utvalde strekningar der ein skal leggje særleg til rette for vegfarande turistar gjennom utbygging og tilrettelegging av infrastruktur, marknadsføring og drift av turisttilbod.

For 2007 har ein prioritert tiltak som gir E10 i Lofoten og riksveg 550 Jondal – Utne i Hardanger status som nasjonale turistvegar. Innanfor den statlege løyvinga er det elles prioritert tiltak med sikte på at Geiranger – Trollstigen og Aurlandsfjellet skal få turistvegstatus i 2008, og at Rondane og Havøysund skal få slik status i 2009. Midlane vil dessutan bli nytta til tiltak på andre strekningar.

Til redaksjonen

Fleire pressemeldingar om samferdselsbudsjettet for 2007 og fylkesvis oversikt over løyvingar og tiltak – sjå nettsider om SD-budsjett