Rundskriv N-1/2007 om godkjent løyveutdanning etter Kunnskapsløftet for person- og godstransport
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Samferdselsdepartementet
OPPHEVA
Rundskriv | Dato: 27.06.2007
Nr: N-1/2007
Status: Ugyldig/oppheva - erstatta av Rundskriv N-1/2008 om godkjent utdanning etter Kunnskapsløftet for tildeling av løyve for person- og godstransport
Etter yrkestransportforskrifta § 8 må søkjar om løyve til transport ha stått til eksamen frå ei av departementet godkjent teoretisk opplæring for å vere fagleg kvalifisert. Dette rundskrivet er utarbeidd i samband med at transportutdanninga i vidaregåande skole blir endra ved iverksetjing av Kunnskapsløftet frå hausten 2007 for 2. trinn i vidaregåande opplæring (Vg2).
Etter yrkestransportforskrifta § 8 må søkjar om løyve til transport ha stått til eksamen frå ei av departementet godkjent teoretisk opplæring for å vere fagleg kvalifisert.
Dette rundskrivet er utarbeidd i samband med at transportutdanninga i vidaregåande skole blir endra ved iverksetjing av Kunnskapsløftet frå hausten 2007 for 2. trinn i vidaregåande opplæring (Vg2).
Rundskrivet gjeld i tillegg til rundskriva N-4/2002 og N-1/2005. Søkjarar som stettar krava etter desse rundskriva, vil også i framtida ha godkjent løyveutdanning.