Satsing på innovasjon og næringsutvikling
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 29.10.2006
Pressemelding
Nr.: 78/06
Dato: 6. oktober 2006
Kontaktperson:
Ingrid Braate Prillard, tel. 22 24 01 28
Arvid Samland, tel. 22 24 65 60
Statsbudsjettet 2007:
Satsing på innovasjon og næringsutvikling
Regjeringa løyver 1 107,6 millionar kroner til Innovasjon Norge, og opprettheld den sterke satsinga på innovasjon, internasjonalisering og profilering. Det er viktig for å kunne realisere fleire gode idear, skapa framtidsretta arbeidsplassar og styrkje verdiskapinga i norsk næringsliv.
Regjeringa vil blant anna øyremerkje 200 millionar kroner til reiselivsnæringane gjennom Innovasjon Norge. Dette er ei auke på 27,5 millionar kroner frå 2006. Innsatsen retta mot reiselivsnæringane er med dette dobla frå 2005.
- Gjennom å satse på Innovasjon Norge legg vi til rette for å utvikle næringsområde der Noreg er særleg gode, som havbruk og fiske, skipsfart, energi, miljø og reiseliv. Innovasjon Norge satsar på idear og prosjekt som gjev næringsutvikling, verdiskaping og arbeidsplassar, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.
I 2007 vert det løyva 1 107,6 millionar kroner til Innovasjon Norge sine ordningar over Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjett. Med dette vert den kraftige auken frå 2006 på heile 300 millionar kroner vidareført.
- Noreg skal vera eit godt land å driva næringsverksemd i. Ei særs viktig oppgåve for Innovasjon Norge er å leggje til rette for innovasjon og entreprenørskap blant kvinner, seier Andersen.
Innovasjon Norge skal bidra til samarbeid mellom bedrifter om forsking og utvikling og til nettverksbygging og kompetanseutvikling i næringslivet. Regjeringa vil oppretthalde den sterke satsinga på forskings- og utviklingskontraktar i 2007. Løyvinga skal også gå til innovasjonstiltak, som oppfinnarstipend og finansiering av utviklingsprosjekt. Det same gjeld rådgiving og formidling av informasjon om internasjonale marknadsmoglegheiter. Satsing på etablerarar, oppfinnarar og små og mellomstore bedrifter med vekstpotensial vil stå sentralt.
Frå 2006 til 2007 er det ein samla auke i løyvingane til Innovasjon Norge. Det gjeld dei direkte løyvingane til Innovasjon Norge frå Nærings- og handelsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet.
Sjå også St.prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet, kap. 2421.