Historisk arkiv

Betre rammevilkår for norsk eksport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 80/06
Dato: 6. oktober 2006
Kontaktperson:
Ingrid Braate Prillard, tel. 22 24 01 28
Arvid Samland, tel. 22 24 65 60

Statsbudsjettet 2007:

Betre rammevilkår for norsk eksport

Regjeringa vil betre rammevilkåra for norsk eksportretta næringsliv ved å utvide ramma for GIEKs alminnelege garantiordning frå 40 til 50 milliardar kroner. Det vert også lagt opp til å auke ramma for GIEKs U-landsordning frå 1,5 til 2,1 milliardar kroner.

- Utviklinga i norsk eksportindustri er svært positiv. Norske bedrifter er verdsleiande på teknologi og kompetanse innanfor både miljø og energi, maritim og marin sektor. Det er mellom anna etterspurnad frå desse næringane som gjer at vi no aukar ramma for garantiordninga, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.

Garanti-Instituttet for eksportkreditt (GIEK) har ordningar som medverkar til å fremje norsk eksport og investeringar i utlandet. Garantiane er mellom anna viktige for eksport av kompetansekrevjande kapitalvarer innanfor maritim sektor og olje- og gassnæringa. Små bedrifter og bedrifter med lita eksporterfaring nyt også godt av ordninga.

U-landsordninga gjeld både for investeringar i og eksport til utviklingsland. Ordninga vert teken i bruk når risikoen er for høg for GIEKs alminnelege garantiordning.

- U-landsordninga er eit viktig verkemiddel for å fremje næringssamarbeid mellom u-land og Noreg. Ordninga er etterspurt i næringslivet, og vi håpar at utvidinga av ordninga skal medverke til realisering av fleire gode utviklingsprosjekt, seier Andersen.

Regjeringa er oppteken av å sjå næringsverksemd og bistand i samanheng. U-landsordninga er eit effektivt bistandsretta verkemiddel som også er viktig for norsk næringsliv.

GIEKs alminnelege garantiordningar er med på å sikre kontraktar for norske eksportørar av varer og tenester, og medverkar til å fremje norske investeringar i utlandet. Rammeutvidinga for alminneleg ordning vil kunne bety mykje for den eksportretta delen av norsk næringsliv.

Sjå St. prp. nr. 1 frå Nærings- og handelsdepartementet kap. 2426 side 159-160.