Auka innsats for norske sjøfolk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 29.10.2006
Pressemelding
Nr.: 81/06
Dato: 6. oktober 2006
Kontaktperson:
Ingrid Braate Prillard, tel. 22 24 01 28
Arvid Samland, tel. 22 24 65 60
Statsbudsjettet 2007:
Auka innsats for norske sjøfolk
For å sikre sysselsetjinga av norske sjøfolk foreslår regjeringa å utvide nettolønsordninga til også å omfatte Hurtigruta. Utvidinga vil skje frå 1. juli 2007. Målet er å sikre norsk maritim kompetanse og rekruttering av norske sjøfolk. Samtidig får norske reiarlag meir konkurransedyktige vilkår.
– I Soria Moria-erklæringa varsla regjeringa ein sterkare innsats for å sikre arbeidsplassar og vekst i dei maritime næringane. I tråd med dette foreslår vi å vidareføre gjeldande tilskotsordning for sjøfolk, samtidig som tryggleiksbemanninga på Hurtigruta vert teken med frå 1. juli 2007, seier nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen.
Sjøfolk på konkurranseutsette skip i NOR får såleis same rammevilkår som andre skipsfartsland i EU/EØS. Dette gir dei maritime næringar gode rammevilkår, trygge arbeidsplassar og eit grunnlag for vedvarande vekst. Regjeringa foreslår å løyva 1 330 millionar kroner til nettolønsordninga i 2007.
- Dette er nødvendig for å oppretthalde Noreg som ein verdsleiande nasjon innan kvalitetsskipsfart. I løpet av 2007 vil så mange som 9 700 norske sjøfolk vera omfatta av ordninga. Dette er viktig for å utvikle det maritime næringsmiljøet, seier Andersen.
Oppfølging av Göteborg-protokollen
Göteborg-protokollen forpliktar Noreg til å redusere årlege utslepp av nitrogenoksid (NOx) med ca. 23 prosent innan 2010. Skipsfart og fiske står for om lag 40 prosent av det totale norske utsleppet. For å oppfylle protokollen må skipsfarten og fiskeflåten redusere sine utslepp. Regjeringa foreslår difor å innføre ei avgift på NOx-utslepp. Det vert foreslått at avgifta blant anna skal omfatte skip og fiskefartøy.
For perioden 2007-2009 foreslår regjeringa å løyve 50 millionar kroner til eit program som skal bidra til å redusere utsleppa av nitrogenoksid (NOxRED). Samtidig vil regjeringa setje av 30 millionar kroner til utvikling av NOx-relatert teknologi under ordningane Maritim Utvikling i Innovasjon Norge og MAROFF i Noregs forskingsråd.