Historisk arkiv

Noreg må førebu seg på klimaendringane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Noreg vert varmare og våtare. Klimaendringane vil få store konsekvensar for natur og samfunn, og planlegginga må ta omsyn til dette. Tysdag la regjeringa fram ei stortingsmelding om korleis vi skal tilpasse oss til klimaendringane i Noreg.

Noreg vert varmare og våtare. Klimaendringane vil få store konsekvensar for natur og samfunn, og planlegginga må ta omsyn til dette. Tysdag la regjeringa fram ei stortingsmelding om korleis vi skal tilpasse oss til klimaendringane i Noreg.

–Privatpersonar, vegutbyggarar, kommuneplanleggarar: Alle vil merke klimaendringane. Aukande nedbør, stigande temperatur og meir ekstremvêr stiller større krav til plassering av bygningar, vegar og anlegg. Klimaendringane kan påverke drikkevatnet og trehus kan bli meir utsett for råte. Men om vi førebur oss tidleg, kan vi både spare kostnader og utnytte mogelegheitene som vil oppstå, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa vil styrke kunnskapsgrunnlaget gjennom meir aktiv overvaking av klimaendringane, opptrapping av klimaforskinga og utvikling av det nasjonale senteret for klimatenester. Senteret skal gi meir presis og detaljert informasjon om korleis klimaet vil kunne endrast.

Klimaframskrivingar er eit viktig grunnlag for tilpassinga til klimaendringane. Ingen kan vite eksakt kor mykje temperaturen eller nedbøren kjem til å auke, men regjeringa vil legge dei høgaste alternativa til grunn når den skal vurdere konsekvensane av klimaendringane.

–Kommunane er førstelineteneste i møtet med klimaendringar. Omsynet til eit endra klima må bli ein del av det daglege arbeidet i norske kommunar, seier Solhjell.

Dei statlege føringane for kommunane sitt arbeid med klimatilpassing vil bli samla i den eksisterande statlege planretningslina for klima og energi. Det vil mellom anna gjere det enklare å ta omsyn til klimatilpassing i planlegginga etter plan- og bygningslova.

Større og meir intense nedbørsmengder stiller store krav til byane, som må handtere overvatn og lokale regnflaumar. Forsikringsselskapa sine tal viser at vatn som ikkje finn rett avløp gjer stor og aukande skade. Meir nedbør i framtida kan forsterke desse utfordringane. Regjeringa vil opprette eit offentleg utval som skal vurdere dagens regelverk og komme med eventuelle framlegg til forbetring av rammevilkåra for handteringa av overvatn.

Regjeringa har tidlegare omtalt klimatilpassing i statsbudsjettet for 2009 og i ei offentleg utgreiing frå 2010 – Tilpassing til eit klima i endring. Mange sektormyndigheiter og kommunar er no godt i gong med tilpassingsarbeidet. Forskinga er styrka og kompetansen i kommunane er forbetra. Med denne meldinga varslar regjeringa auka merksemd om korleis Noreg skal handtere eit klima i endring.

Samla kunnskapsstatus, konsekvensar og tilpassingsbehov for Noreg skal oppdaterast i tilknyting til hovudrapportane frå FNs klimapanel om det kjem fram vesentleg ny kunnskap der.

Rettelse til meldinga (pdf).

Regnver
Større og meir intense nedbørsmengder stiller store krav til byane, som må handtere overvatn og lokale regnflaumar. (Foto: Trond Strøm Aftenposten/NTB/Scandpix)