Meir pengar til Verdsarva
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Pressemelding | Dato: 07.10.2008
Regjeringa løyvar tretten millionar kroner meir til nye tiltak i dei norske verdsarvområda i 2009.
Regjeringa løyvar tretten millionar kroner meir til nye tiltak i dei norske verdsarvområda i 2009.
Les mer om miljøvernbudsjettet 2009
- Eg er svært glad for å kunne auke løyvinga til istandsetting av Bryggen i Bergen og til styrking av forvaltninga av naturen i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
Vegaøyan er et av områda som får auka løyvingar. Foto: Miljøverndepartementet.
Dei norske verdsarvområda er representantar for verdas felles kultur- og naturarv av framståande universell verdi og skal sikres for komande generasjonar. Noreg har teke på seg eit særleg ansvar overfor det internasjonale samfunnet ved innskrivinga på Unescos verdsarvliste. Regjeringa vil at desse områda skal framstå som eksempel på ”beste praksis” for miljøforvaltninga.
Av dei tretten millionane i auka løyvingar går fem millionar til Bryggen i Bergen og to millionar til Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Resten av pengane vil bli fordelte seinare.
Noreg har i alt sju område som er skrivne inn på UNESCOs prestisjefylde verdsarvliste: Bryggen i Bergen, Urnes stavkyrkje, Bergstaden Røros, Bergkunsten i Alta, Vegaøyan, Vestnorsk fjordlandskap og Struves meridianbue.