Historisk arkiv

Nytt regelverk for utanlandsk tilverking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Regjeringa vil endre forskrift om utanlandsk tilverking av landbruksvarer. Det blir sett i verk frå 01.01.2007 og baserer seg på krav om nasjonal eigenproduksjon.

LMD budsjett-logo



Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjett for 2007

Pressemelding

Nr.: 11
Dato: 06.10.06

Kontaktperson:

Ståle Norang, tlf.: 41 43 80 11

Statsbudsjettet 2007:

Nytt regelverk for utanlandsk tilverking av landbruksvarer

Regjeringa vil endre forskrift om utanlandsk tilverking av landbruksvarer. Det blir sett i verk frå 01.01.2007 og baserer seg på krav om nasjonal eigenproduksjon.

Det gjeldande regelverket blei sett i verk 01.07.05. Det gjer det mogleg å sende norske landbruksråvarer ut av landet, foredle dei og føre dei inn igjen i Noreg utan tollpåslag. Sidan den gongen har mengda norske jordbruksvarer som blir tilverka i utlandet, auka. I første kvartal 2006 blei det til dømes gitt løyve til utanlandsk tilverking og gjeninnføring av om lag 10 000 tonn landbruksvarer - for det meste kjøtt.

Landbruks- og matdepartementet vil iverksette endringar i regelverket på dette området frå 01.01.07. Dette vil basere seg på krav om at dei som ønskjer å nytte seg av denne ordninga, samstundes må ha ein nasjonal eigenproduksjon. Departementet vil komme tilbake med meir detaljert regelverk seinare.