Historisk arkiv

Kuttar gebyr - styrker mattryggleiken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Forenklinger og avgiftskutt vil redusere brukerfinansieringen til Mattilsynet med 30 millioner kroner. Forenklingene kommer spesielt dem til gode som vil starte nye virksomheter.

LMD budsjett-logo



Alt om Landbruks- og matdepartementets budsjett for 2007

Pressemelding

Nr.: 10
Dato: 06.10.06

Kontaktperson:

Ståle Norang, tlf.: 41 43 80 11

Statsbudsjettet 2007:

Kuttar gebyr - styrker mattryggleiken

Forenklinger og avgiftskutt vil redusere brukerfinansieringen til Mattilsynet med 30 millioner kroner. Forenklingene kommer spesielt dem til gode som vil starte nye virksomheter.

Mattilsynet får betre høve til å arbeide for trygg mat. Samstundes får matprodusentane redusert avgifter og gebyr til Mattilsynet med 30 millionar kroner. Forenklingane kjem spesielt dei til gode som vil starte nye verksemder.

- På denne måten følgjer vi opp Soria Moria-erklæringen og reduserer brukarfinansieringa frå 65 prosent til 63 prosent. Dette vil tene dei små og mellomstore produsentane mest, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.

Budsjettet på det matpolitiske området blir styrkt med 17,9 millionar kroner til i alt 1.291 millionar kroner. Styrkinga er gjort for å betre mattryggleiken og dyrevelferden. Det er mellom anna sett av 8,7 millionar kroner meir til den veterinære beredskapsordninga. Regjeringa satsar også på å auke innsatsen innan sporing av mat, kartlegging av E . coli og dokumentasjon av framandstoff i sjømat. 10 millionar kroner er satt av til desse føremåla. Regjeringa vil følgje opp E . coli-evalueringa når den blir lagt fram i haust.

Totalt blir inntektene frå gebyr og avgifter redusert med 30 millionar kroner hovudsakeleg fordi matproduksjonsavgifta blir sett ned med 6 prosent. Denne justeringa skjer etter at gebyra for tilsyn og kontroll med fôr og plantevernmiddel er innlemma i dette avgiftssystemet. Omfanget av gebyrpliktige særskilte ytingar blir monaleg redusert i 2007 i høve til tidlegare år. Ulike krav i regelverket om godkjenning blir avvikla og erstatta av ei registreringsplikt som ikkje utløyser gebyrkrav. Det er i dag om lag 120 ulike gebyrklasser knytt opp mot godkjenningsordningar i Mattilsynet. Ein monaleg del av desse blir avvikla etter nærmare gjennomgang i Mattilsynet.

Forslaget inneber at Mattilsynet må effektivisere drifta med 20 millionar kroner. Den faste bemanninga blir redusert. Mattilsynet skal gjerast betre i stand til å møte krisesituasjonar.