20 millionar til omstilling i Bioforsk
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.10.2006 | Sist oppdatert: 29.10.2006
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 20 millionar kroner til samlokalisering, flytting og effektivisering av verksemda i Bioforsk - i tillegg til dei 6 millionar kroner som alt er løyvde.
Pressemelding
Nr.: 13
Dato: 06.10.06
Kontaktperson: |
Ståle Norang, tlf.: 41 43 80 11 |
Statsbudsjettet 2007:
20 friske millionar til omstilling i Bioforsk
Regjeringa gjer framlegg om å løyve 20 millionar kroner til samlokalisering, flytting og effektivisering av verksemda i Bioforsk - i tillegg til dei 6 millionar kroner som alt er løyvde.
- Vi følgjer nøye med på framdrifta i effektiviseringa og omstruktureringa i det nye instituttet, og har høge forventingar til Bioforsk sitt arbeid framover. Bioforsk skal ha ein desentralisert struktur og vere lokalisert i alle delar av landet, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
Sterke regionale einingar
Dei 20 millionar nye kronene som regjeringa gjer framlegg om å løyve er naudsynt for å etablere sterke regionale einingar i Bioforsk. Blant anna skal det brukast pengar til bygningsmessige tiltak ved forskingssenteret Apelsvoll i Austre Toten for å kunne overta forskingsverksemda frå Kise i Ringsaker.
Alternativ aktivitet
2007 er andre året for eit utviklingsprosjekt som skal medverke til å etablere alternativ aktivitet ved dei einingane som ikkje lengre skal drive forskingsverksemd. Av dei 20 millionar kronene er 2 millionar kroner sett av til dette arbeidet, som blir gjort i nært samarbeid med lokale og regionale myndigheiter og næringsliv.
Bioforsk si forskingsverksemd skaper eit viktig kunnskapsgrunnlag for utviklinga på ei rekke område innanfor landbruket. Samstundes som Bioforsk skal vere ein internasjonal konkurransedyktig forskingsinstitusjon skal instituttet også vere ein aktiv deltakar i lokal og regional næringsutvikling. Dette er ein krevjande kombinasjon, som set store krav til kompetanse og fagleg utviklande forskingsmiljø i regionane.